Om du er opptatt av berekraft er Møre folkehøgskule rette staden for deg. Her er nokre grunnar:
- Fordjupning. Folkehøgskulane gir deg sjansen til å fordjupe deg i eit emne du er interessert i. Du kan enten velge linjer der hovedfokuset er berekraft og miljøspørsmål, eller du kan velje ei linje der berekraft blir ein naturleg del av alle aktivitetane du får vere med på gjennom året.
- Praktisk erfaring. Vi legg vekt på at du skal lære gjennom å utføre. Du deltek på ekskursjonar og frivillig arbeid både i og utanfor Norge. Då får du sjå at berekraft er viktig og at miljøarbeid nyttar!
- Felleskap. På Møre folkehøgskule vil du møte både elevar som liknar deg sjølv og elevar som du ikkje heilt kjenner deg igjen i. Felles for dei alle er vilja til å vere med i det fantastiske folkehøgskulemiljøet! Og du vil ganske så snart finne ut at også dei som verkar å vere ulike deg er rett så kjekke og likandes folk! Dette fellesskapet kan vere ein uvurderleg ressurs for å utveksle idear, inspirasjon og samarbeide om berekraftsinitiativer.
- Personleg vekst. Eit år på folkehøgskule handlar også om at du kjem til å vekse som person. Du kjem til å utvikle deg når det gjeld samarbeid, kritisk tenking og kommunikasjon. Dette er nyttige eigenskapar å ha når du skal påverke endring innanfor m.a. berekraft i åra som kjem.
- Inspirasjon for framtida. Eit år på Møre folkehøgskule kan hjelpe deg å definere dine verdiar og interesser. Kanskje ser du at kombinasjonen avberekrtaft og eit anna fag er nettopp det du vil både utdanne deg innan og arbeide med i åra som kjem?
Derfor, viss du meiner berekraft er viktig for deg kan eit år hos oss vere eit unikt og utviklande steg på vegen for å forstå, påverke og vere med og skape ei meir berekraftig framtid.