Nyheiter frå Møre Folkehøgskule

Ledig stilling: Driftsleiar i eitt års vikariat frå 2021

Vår driftsleiar skal i 2021 ha delvis permisjon, og vi treng ny person og lagspelar. Stillinga er ledig frå 01.02.2021 og er i først omgang for eitt år med moglegheit for forlengelse. Vi søkjer etter deg som har lyst til å bli ein del Møre folkehøgskule sitt fellesskap! Alle er viktige deltakarar for å skape eit godt, trygt og lærerikt år for elevane. Vi har ca. 110 elevar fordelt på seks klasser. Frist for søknad er 01.12.2020.
[11. november 2020] Meir

FIT – linja er i full gang med personlig trening, massasje, pilates, svømming, klatring m.m.

Vi har hatt en tilnærmet normal høst for oss å være, og er sjeleglad for det i disse dager. Både treningssenter, badeland, klatrehaller, idrettshaller m.m. har holdt, og holder fortsatt åpent i våre trakter. Vi har også gjort veldig mye annet spennende og variert: klatring, kampsport, pilates, buldret i en dedikert buldrehall, innføring i anatomi, besøkt et fyr i havgapet etc.
[28. november 2020] Meir

Animasjonsklassa håpar at det blir tur til Japan i 2021

Animasjonsklassa er optimistiske og håper å at det blir mulig å gjennomføre tur til Japan ein gong våren 2021. Intensjonen er at turen i dette skuleåret skal starte i Osaka, vidare til Kyoto og til slutt får ein oppleve Tokyo. Forberedelse er viktig og klassa har med jamne mellomrom besøk av Noriko Sakamoto Hagen. Noriko er frå Japan og kjenner landet, kulturen og språket godt.
[27. november 2020] Meir

Eit møte med tre tidlegare elevar ved Møre folkehøgskule

Vi har møtte tre tidlegare elevar ved Møre folkehøgskule, som alle har kome igjennom nålauget på Høgskulen i Volda og har starta på bachelorgrad i animasjon. Helene, Christine og Mali trivast godt i eit kreativt og aktivt miljø der kunnskapane frå folkehøgskulen kjem godt med. Helene seier at ho har hatt stor nytte av året på animasjonslinja på Møre folkehøgskule der ho har fått prøve mange ulike teknikkar.
[23. november 2020] Meir

Matlaging i kinaklassen

En del av vårt linjeopplegg er å lære å lage god kinesisk mat. Klassen er veldig heldig å ha lærer Haibiao som er veldig opptatt av fin smak og god kombinasjon i matlagingen. I begynnelsen av skoleåret fikk klassen en innføring i forskjellige kjøkken med representative matretter i Kina. Deretter har vi brukt råvarer som finnes i norske butikker og lært oss å lage en del matretter, f.eks. Dumplings, Kungpao kylling, Cola kylling, Vårruller, Rød ribbe og steikt ris.
[23. november 2020] Meir

Animasjonsklassa på Animation Volda 2020

Med strenge smitteverntiltak og to seter mellom alle gjestar i salen, vart den 14. animasjons-festivalen i Volda arrangert 2. til 3. oktober. Møre folkehøgskule var representert med årets animasjonsklasse, men også tidlegare elevar som no studerer animasjon på Høgskulen i Volda var aktivt tilstades. Festivalen gjekk i år kun over to dagar, mot fire dagar tidlegare år. Det var likevel rekordmange som ville vise fram filmane sine på festivalen.
[7. oktober 2020] Meir

FIT – Friluftsliv, Idrett, Trenings-klassen startet året med hytteturer

Vi har hatt en tilnærmet normal åpning av skoleåret i disse tider, og er i full gang med å utnytte høsten til friluftslivsturer med innslag av idrettslige aktiviteter som klatring og buldring, freesbee-golf m.m. Vi startet turen med 2 døgn til DNT sin hytte Patchellhytta. Deretter dro vi på neste tur over 5 dager og 4 netter til nok 2 DNT-hytter.
[23. september 2020] Meir

Til alle nye elevar skuleåret 2020 – 2021

Vi gleder oss veldig til å ta imot alle i starten av september! Nedanfor følger litt informasjon som gjeld alle. Det blir ein spesiell oppstart der klassene kjem til ulike tidspunkt og skal ha opplegg kvar for seg dei første 10 dagane. Deretter håper vi å fungere normalt, trygt isolert frå ev. smittekjelder i bygda. Vi har mange gode planar for aktivitetar, turar og utflukter. Vi ser fram til å møte alle og til eit flott skuleår!
[14. august 2020] Meir

Avlyst elevstemne ved Møre folkehøgskule 2020

Vi har sett fram til dette stemnet lenge! Vi har hatt uvanleg god påmelding og vi har jobba med planlegging og skapt forventningar. Spesielt har vi sett fram til å møte bandet «Jude» som hadde ein slags base på skulen for 50 år sidan. Vi beklager at vi må avlyse, men vi har ikkje gløymt dokke! Vi satsar på å lage eit stort stemne i 2021. Vi skal møtast igjen!
[21. april 2020] Meir

Informasjon til nye elevar om skuleåret 2020 – 2021

Årets kull på Møre folkehøgskule har fått ei avslutning på skuleåret som ikkje vart som planlagt. Vi har frå regjering og departement fått klar beskjed om at skulane skal vere stengt resten av semesteret. Skulen skal dei siste vekene fortsette med nettbasert undervisning, og administrasjon og lærarar arbeider aktivt og kreativt for å skape eit godt og variert undervisningstilbod for alle klasser.
[8. april 2020] Meir