Velkomen til elevstemnet i Ørsta laurdag 23.05.2020!

AVLYST pr april 2020! Alle som har vore elevar på Møre folkehøgskule er del av ein lang og rik tradisjon. På same måten er elevstemnet ein tradisjonsrik arena der ein får møte gode vener og gamle kjende på nytt. Å vere ein del av og dyrke fellesskap er viktigare enn nokon gong! Folkehøgskulen er populær som aldri før, og vi har tru på at dei verdiar og ideal som vi dyrkar er gode bidrag for den einskilde. Frist for påmelding er fredag 14. mai 2020.
[8. januar 2020] Meir

Julehelsing til elevane frå alle tilsette ved Møre folkehøgskule i Ørsta

Midt i den travlaste innspurten før jula ringast inn, har roen senka seg over skulen i Ørsta. Alle elevar har reist heim, og vi kan oppsummere ein hektisk periode frå august til desember. Hausten 2019 har opna for mykje flotte aktivitetar og turar for friluftlivsklassene. Tilsette ved Møre folkehøgskule takker for samværet og fellesskapet vi har hatt rundt aktivitetar på skulen i haust. Med dette ynskjer vi alle ei god jul, og velkomen tilbake i januar 2020!
[17. desember 2019] Meir

Møre folkehøgskule med ny linje frå hausten 2020: Ekspedisjon Norge

Norge og norsk natur har svært mykje å by på. Møre folkehøgskule si nye linje frå hausten 2020 «Ekspedisjon Norge» har mangfaldet i norsk natur som klasserom. I skulen sitt nærområde, og til dels i gangavstand frå skulen, ligg Sunnmørsalpane med alpine toppar som lokkar med store opplevingar og fantastisk utsikt til alle årstider.
[17. desember 2019] Meir

Kor og songglede og songtradisjonar på Møre Folkeskule

Sjølv om Møre folkehøgskule ikkje har musikk-linje prøvar vi å halde liv i songgleda og gode norske songtradisjonar. Vi syng på alle morgonsamlingar og før middag kvar dag. Utover året skal vi også med jamne mellomrom utfordra heile elevflokken på å øve inn og lære korsongar.
[17. november 2019] Meir

Velkomen til nytt skuleår laurdag 24. august 2019!

Informasjon til alle nye elevar og føresette for skuleåret 2019-2020: Det blir nokre endringar i programmet på laurdagen. Vi serverer lunsj for alle elevar og besøkande frå kl. 13.00 – 15.00. Opningsarrangementet er flytta til kl. 16.00.
[20. august 2019] Meir

Sommarhelsing frå Møre folkehøgskule i Ørsta!

Personalet på Møre folkehøgskule vil med dette takke alle elevar for eit flott og lærerikt skuleår! Det er alltid vemodig å skiljast frå dei ein har knytt tett band til og hatt mange og gode opplevingar saman med. Alle tårene som blir felt siste skuledag er fortellinga om gode venskap og gode minner. Vi ynskjer alle lukke til vidare og velkomen tilbake til fjorårstreffet som mest truleg blir laurdag 8. februar i 2020.
[20. mai 2019] Meir

God påske til alle elevar og tilsette ved Møre Folkehøgskule!

Ved inngangen til palmehelga og påskeferien 2019 er det veldig triveleg å registrere at Møre folkehøgskule bli lagt merke til i Ørsta. Sist helg arrangerte skulen i samarbeid med Ørsta kommune ein strand-ryddedag. Avisa Møre Nytt var tilstades og gav oss eit fint oppslag i avisa på tysdag denne veka. Dette har ordføraren lagt merke til.
[12. april 2019] Meir

God jul til alle elevar og tilsette ved Møre Folkehøgskule!

Når den første desembersnøen er i ferd med å bidra til kvit julestemning, går første halvdel av skuleåret inn i avslutningsfasen. Det betyr stor aktivitet på skulen med juleverkstad, juleball og mykje kos på huset. Siste veka før juleballet er Prots tilbake på skulen og gir alle ei god koroppleving. Halvåret har elles vore hektisk med stor aktivitet for alle klassene ved Møre Folkehøgskule.
[10. desember 2018] Meir

Velkomen til skulestart ved Møre Fhs laurdag 25. august 2018!

På Møre folkehøgskule ser vi fram til å ta imot 100 nye elevar og 7 andreårselevar laurdag 25. august. Vi ynskjer både elevar og foreldre/føresette velkomen til offisiell opning av det nye skuleåret laurdag 25. august kl. 17.00. Dei fleste kjem til skulen i løpet av laurdag, men det er mulig å kome og flytte inn på fredag dersom det høver best med reiseveg etc. Ta gjerne kontakt med skulen og gi melding dersom du kjem på fredag.
[22. august 2018] Meir