Elvepadling og surfetur med linja Adventura Ekstremsport

Det er berre dager att av skuleåret. Det er hektiske dagar for både elevar og lærarar. Så når vi no skal vaske og pakke er det fint å sjå tilbake på dei siste vekene. Og for ekstremsportklassen har det vore pakka med action! Sist veke var det elvepadlekurs der elevane har vore i elva med instruktør. Mange økter i bassenget på haust og vår har gjort til at ein var godt førebudd til møte med elva. Resultatet var mykje padleglede og bestått «våttkort elv». Sjå film frå veka!
[29. april 2016] Meir

Adventura-linjene med magiske økter på Strandafjellet

Tradisjonen tro har de tre Adventura-linjene (friluftslinjene) på Møre Folkehøgskule hatt ei veke på Strandafjellet Skisenter, der fokus har vært skiglede i og utenfor preparert løype. Adventura Ekstremsport, Sør-Amerika og Body & Mind gjennomførte før påske magiske økter på Strandafjellet.
[30. mars 2016] Meir

Elevene på Adventura Ekstremsport sin dag i snøhimmelen!

Det var meldt overskya, snø, snø og snø. Så onsdag 3. februar pakka vi utstyret og dro til Strandafjellet skisenter. Det er også der vi har har årskortet vårt i år. Da vi kom fram var det eit par elevar som angra bittert på å ikkje følge med i timen, og hadde då tatt med slalom/carving skia sine. I dag var det PUDDERALARM! Så i snøkavet satt vi i stolheisen og prøvde å finne ut kor det var fint å køyre denne dagen. Vi fekk oss nokre fine turar før vi tok lunsj.
[5. februar 2016] Meir

Årets første topptur i 2016 med Adventura Ekstremsport

Etter at det var kome meter på meter (føltes i alle fall slik ut) med snø, var det på tide med årets første topptur. Læraren med 10 års fartstid i desse fjella kunne ikkje huske likanande snødump! Målet klassen hadde satt seg for dagen var Vallahornet (809moh) som ligg eit par steinkast frå skulen. Vi tok på og med oss alt av nødvendig utstyr for å kunne ferdast godt i fjellet. Avreise frå skuletunet etter morgonsamling, og vi gjekk med ski på sekken opp til enden av vegen og derfrå var det på med feller og truger.
[28. januar 2016] Meir

Full action med Adventura Ekstremsport i Tyrkia

Adventura Ekstremsport var i oktober 2015 på studietur til Tyrkia. Dette er femte året vi reiser ned og opplev det actionfylte og varme Tyrkia byr på når det er kalde haustdagar her heime. Kort oppsummert er det vindsurfing, dykking, sykling og klatring som står på programmet. Men i år var det også paragliding, kultur, shopping, tyrkisk bad og mykje fritid på programmet. Ein av årets elevar, Gard Ruben, har fanga dei fleste actionfylte aktivitetane på film. Her er eit fartsfylt klipp frå korleis han opplevde dei fire vekene.
[8. januar 2016] Meir

X2 Festivalen teaser 2015 – bli med som frivillig!

X2 festivalen har blitt arrangert kvart år sidan 2006 og Møre Folkehøgskule og Ekstremsportlinja er ein viktig samarbeidspartnar. Vi hjelper til som frivillige (med å arrangere sportane), samt at vi får tilgang på alle foredrag og konsertar. Om det er nokon av elevane som vil delta får vi også til dette. Sjekk ut teaseren for sist års festival og følg med på neste på www.x2festivalen.no.
[8. januar 2016] Meir