Vi er no på plass på Red Wall Hotel i Beijing, etter å ha reist både dag og natt sidan søndag kveld. Vi har til og med allereie sett nærmare på «Himmelens tempel» og fått i oss ein (av fleire) kinesiske middagar.

På grunn av høghastigheits internettforbindelse på hotellromma, går vi hermed friskt ut og satsar på å leggje ut minimum eitt (sikkert fleire) bilete kvar dag så lengje vi er her på studietur. Og her skal vi vere fram til 29 mars, så då er det berre å følje med på opplevingane og aktivitetane våre her på sidene.

Biletet til høgre viser Anna Lena og Ida-Liv som nyt matserveringa til «Austrian Air» i natt, ein stad over Sibir.

Øyvind, Kathy (guide), Joar og Einar klar til å dra til «Himmelens Tempel»

himmelens

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eit bilete frå besøket i «Himmelens Tempel» tidlegare i dag (Kinesisk tid)

kinamat1

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Marthe og Torstein Johan i djup konsentrasjon under turens første møte med Kinesisk matkultur. Maten var knallgod, og gaflane vart slett ikkje brukt!

Turen er med andre ord i gang, vi har det veldig bra og gler oss alle til i morgon. Då skal vi mellom anna besøke «Den forbudte by! Stikk innom i morgon ein gong etter arbeidstid så har vi kanskje lagt ut eit bilete derifrå, om det ikkje er forbudt å fotografere der da…?! 🙂

-Øyvind