Etter at animasjonsklassen var ferdig med teiknefilm- og pixillasjonsteknikken, vart det ein periode med plastelina. Elevene kunne leike med materialet, lage dukker og dekorasjoner. Det var fleire oppgåver til teknikken. Ei av oppgåvene var at den eine vart eten opp av den andre, og deretter skulle den andre smelte, eksplodere eller gå i stykker. Begge figurene skulle bli øydelagt under kamera. Nokre prosjekt vart store og langvarige, mens andre vart til korte og søte filmer.

2006 12 07 Animasjon plastilin
2006 12 07 Animasjon plastilin Zacharias

Paralellt med plastelina-animasjonen fekk elevane også flash opplæring. Vi hadde ein gjestelærar, Håvard Krøvel-Velle, som hadde opplegget i ti timar. Veldig interessant og nyttig. Etter opplæringa byrja halvparten av klassen å arbeide med flash programmet. Den andre halvparten likte så godt klassisk animasjon at dei fortsette med det. Greit med variasjon!

Nå er det snart jul………Juleferien byrjar 20 desember. Vi ynskjer alle ei riktig GOD JUL!

2006 12 07 Animasjon plastilin julenisse Thomas