Animasjonsklassa er optimistiske og håper å at det blir mulig å gjennomføre tur til Japan ein gong våren 2021. Intensjonen er at turen i dette skuleåret skal starte i Osaka, vidare til Kyoto og til slutt får ein oppleve Tokyo. Forberedelse er viktig og klassa har med jamne mellomrom besøk av Noriko Sakamoto Hagen. Noriko er frå Japan og kjenner landet, kulturen og språket godt.

I undervisninga blir elevane kjende med Japan og ulike sider ved Japansk levesett. I tillegg blir det små kulturopplevingar som te-seremoni, origami/papirbretting, kalligrafi m.m.

Les meir om linja Animasjon Japan her

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *