Med strenge smitteverntiltak og to seter mellom alle gjestar i salen, vart den 14. animasjons-festivalen i Volda arrangert 2. til 3. oktober. Møre folkehøgskule var representert med årets animasjonsklasse, men også tidlegare elevar som no studerer animasjon på Høgskulen i Volda var aktivt tilstades. Festivalen gjekk i år kun over to dagar, mot fire dagar tidlegare år. Det var likevel rekordmange som ville vise fram filmane sine på festivalen.

Festivalen er ein internasjonal festival, og animasjonsklassa fekk sett mange filmar frå mange av verdas forskjellige land. Som vanleg var det foredrag med gjesteforelesarar, men i år var desse på Zoom på storskjerm.

Det er alltid kjekt å møte tidlegare elevar frå Møre folkehøgskule på festivalen. Nokre er studentar ved høgskulen og nokre jobbar som frivillige eller er gjestar. Vi gleder oss til neste post på haustens program som er tur til Fredrikstad og animasjonsfilmfestival i slutten av oktober!

Lenke til Animation Volda: https://www.animationvolda.no

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *