Det var veldig rart både for klassa og for kinesarane og vakne til 2 cm snø i Beijing søndag morgon. Det hender det er snø her, men sjeldan så seint på året. Vi fekk derfor også oppleve snø på Den Kinesiske Mur! Muren er i seg sjølv eit ufatteleg gedigent byggverk, og med snø på vart opplevinga svært spesiell.

Even, første mann til topps!
Det var veldig rart både for klassa og for kinesarane og vakne til 2 cm snø i Beijing søndag morgon. Det hender det er snø her, men sjeldan så seint på året. Vi fekk derfor også oppleve snø på Den Kinesiske Mur! Muren er i seg sjølv eit ufatteleg gedigent byggverk, og med snø på vart opplevinga svært spesiell. Vi besøkte muren ca ein times køyretur nord for Beijing der vi må gå ca eitt tusen trappetrinn opp. Lett match for spreke animasjons-elevar!
Carl-Fredrik, John og Fredrik som nyklekte kjøtmeiser framfor «Fuglereiret».

Kinesarane har ei lang og fyldig historie. Dei har svært mange flotte byggverk som dei med god grunn er stolte av. På veg ut av Beijing vart det tid til ein stopp ved eit av dei nyaste arkitektoniske stoltheitene, – OL-stadion frå 2008; «Birds Nest».

Vi opplever kontrastane i det kinesiske samfunnet, alt dei presterer av bygningar og alt dei har av kultur og historie, samstundes som vi møte dei som er lengst nede, «Rolex»-selgarar og tiggarar.