Det var sketsjer på scena der Askeladden «øydela» forskjellige eventyr. For eksempel tok han Askepott sin sko, stjal prinsen frå Tornerose, hadde fest hos Rødhette si bestemor og kapra noko som var veldig viktig for animasjonsklassen – nemleg Internettboksen. Det var filmar, konkurranse og skikkelig eventyrquiz i Kahoot!.

Takk til alle kreative krefter i klassa Animasjon Japan.