Dei to siste vekene før påske er Animasjonsklassa på studietur i Japan. Det er sommar i Japan og turen byr på mange flotte opplevingar, mellom anna besøk hos Japans største produsent av animasjonsfilm. Ein fyldigare rapport frå studieturen inkl bilder og film kjem på skulen sine websider etter påske.

Ei stor oppleving var besøket hos Toei Animation, som er Japan sin største animasjonsprodusent. Dette selskapet produserer m.a. serien «One Piece» som ein ein svært populær serie over heile verda. Animasjonsklassa har fått omvisning i selskapet sine produksjonslokale, og fått ein lite glimt inn i den store profesjonelle animasjonsverda.

Elevane fekk møte og snakke med dei som jobba i produksjonen. – Eg er heilt lamslått, dette var fantastisk, dette kjem eg aldri til å gløyme, er kommentaren frå eleven Mette.

Sjølv om alt er både stort og profesjonelt er likevel prinsippa for å lage animasjonsfilm dei same som alle elevane har fått grunnopplæring i gjennom skuleåret ved Møre Folkehøgskule.