I veke 47 reiste Tiina med animasjonsklassen til Estland på studietur. Me møttest i Oslo og tok fly frå Gardermoen til Tallin. Framme i Tallin fekk me kome oss inn på hostellet Old House og lagt frå oss tinga. Me åt eit felles måltid på kvelden; pizza, og la oss svært så gode og mette.

Tysdag var me innom teiknefilmstudio der me fekk møte mannen bak «Lotte». Me fekk sjå korleis teiknefilmanimatørane jobba, og til slutt fekk me sjå snuttar av filmar me kom til å få sjå seinare i veka på filmfestivalen.

Onsdag gjekk turen til dokkefilmstudioet i byen. Her fekk me verkeleg sjå korleis ein animatør er. Med folk i action når det gjaldt animering, redigering og produksjon av dokker, var det mykje å få med seg. Det var dokker og rekvisittar over alt, på veggane var det plakatar med «Feeding the animators is strictly forbitten», og på ein vegg hang det teposar igjen etter ein gjeng som har kosa seg med å hive teposane på veggen for så å få dei til å henge der. Her fekk me og sjå filmar som blei vist på festivalen

Sjølve filmfestivalen, «Animated dreams»,byrja ikkje før torsdagen, og animasjonsklassen hadde fått spesiell invitasjon om å vera med på opninga av festivalen. Me fekk då sjå ny estisk animasjon, og det satt mange av dei som hadde laga filmane i salen.

2006 11 20 animasjon tur til Estland filmfestival 067

Me var klare for ei helg med opptil 140 kortfilmar. Her var det mykje å lære! Med gode historiar, flott animasjon, og humor kosa me oss godt. Det var forskjellige filmprogrammer på festivalen; politisk animasjon, MTV-animerte musikkvidoer, retrospektiver, Italiensk animasjon, animasjon laga av studentar ved Royal College of Art. Det vart lite tid til mat mellom programma, så det gjekk mykje i junk-food. Men slik skal det no ein gong vera når ein er på festival.

2006 11 20 animasjon tur til Estland dukkefilmstudio020

Sundag var me og åt eit felles måltid på ein Afrikansk restaurant. Me feira Tiina og Zacharias som fylte år på turen. Etter det var det heim for å pakke, for mandagen var det heimreise på gang. Vi kom oss avgårde før Georg W.Bush landet på Tallins flyplass.

Elles gjekk det og ein del tid til juleshopping, vandring i gamlebyen, kos på hostellet, kunstmuseum og besøk av estisk og katolsk kyrkje.

Takk for ein superflott tur folkens!