Musikk-ruppa Mhoo tok i haust kontakt med Møre Folkehøgskule med ynskje om hjelp til å lage ein musikkvideo. Gruppa gir ut ein låt som blir lansert medio mars og dei ynskte seg ein animert musikk-video. Animasjonselevane Aslaug, Heidi, Marthe og Karoline har fått tildelt oppdraget, og eitt spor der dei har lagt ned mykje energi og kreativitet i for å lage filmen.

 

Med utgangspunkt i ein enkel mail med eit spørsmål om nokon på skulen ville ta utfordringa med å lage ein animert musikkvideo, kasta Aslaug, Heidi, Marthe og Karoline seg på jobben. Dei fekk tildelt ein song – Far Away – og hadde i stor grad frie hender til å utforme dette som dei sjølv ville. Gjennom prosessen har dei hatt god kontakt med bandet, men har stort sett stått for ideskaping og utforming sjølve. Innan animasjonskunsten er det mange teknikkar å velje mellom. Sidan lidenskapen for teikning er stor, fall valet på klassisk animasjon og teikning. Kolstift gir eit mjukt, varmt og litt diffust inntrykk, og dette meiner jentene står i stil med stemninga som musikken formidlar. Å arbeid med kol er teknisk utfordrande då det er svært lett å gni utover og såleis øydelegge det ein har lagt på. Alle teikningane som har blitt produsert har såleis blitt sett inn med fixatorspray, – eit møysommeleg tilleggsarbeid. Filmen er på knapt fire minutt, og når det skal teiknast nok bilete slik at det blir 12 pr sekund, skulle dette bli ca. meir enn 2.500 teikningar! I tillegg kjem planlegging, koordinering med musikken, fotografering og redigering. Det er ei stor utfordring å lage nok scener og situasjonar som skal understreke musikken. Og ikkje minst det er svært utfordrande å finne tid til alt, når ein i tillegg vere med på andre aktivitetar på folkehøgskulen, lage ferdig årsoppgava si og reise til to-ukers tur til Kina.

Mhoo – Superman (God morgen Norge, TV2 2010)