Etter ei kald, men interessant natt i Badaling, med intens hanegaling frå klokka 4, og ein etterføljande varm dag, er vi no alle saman i hus igjen på Red Wall Hotel i Beijing. Her er også Kina-klassa på plass, og vi skal bu her i lag dei tre siste døgna av turen.

Bilete tatt måndag 26. mars:

Frukosten vi fekk i dag i Badaling var eigentleg ganske utruleg! Alle fekk 5-6 tørre loffskiver, og eit hardkokt egg. Ingenting meir. Det vil seie, vi fekk drikke: Noko som såg ut som sanasol og smakte som varm solo. Men dei fleste fekk i seg litt næring så dagen kunne begynne, sjølv om Ida-Liv her var litt skuffa over juksebrødet med stort hol i som ho fekk.

Rett utanfor byporten til Badaling står denne statua, som seier noko om at Badling vart kåra til den finaste byen i Beijing (fylke/område e.l.) i året 2006, eller noko slikt. Dessutan driv denne karen heile tida og tørkar støv og pussar på statua. Tydlegvis er dette jobben hans, ein jobb som han verkeleg tar seriøst!

Føremiddagen i dag brukte vil til å besøke Badling Middle School, den lokale barne- og ungdomsskulen til landsbyen vi etterkvart var blitt ganske så glade i. Der hadde dei hengt opp denne store banneren for å ønskje oss velkomne til skulen deira, og ei av klassene med dei eldste elevane i hadde fått i oppdrag å vere vertsklasse for oss. Vi fekk delta i ein engelsktime i den klassa, samt ein gymtime. I tillegg fekk vi med oss flaggheisinga om morgonen.

04-flaggheising

Morgonoppstilling med offisiell flaggheising, sang av nasjonalsong og defilering. Ganske stilfullt eigentleg!

Hoppetau, ein populær aktivitet i gymnastikkfaget. Her er det Åsa som fekk gjenoppfriska gamle kunstar.

Basketballkamp. Steinar forsvarer her vår ære, og laget vårt vinner 8-6. Eldstemann på motstandarlaget var 14 år…

05-silje-hoppetau

Silje med hoppetau

Mia viser basketball-ferdigheiter

Bro bro, brille, på kinesisk. Heilt likt den norske. Unnateke teksten da… 🙂

Yngve i djup konsentrasjon i ein norsk ringleik som borna ved Badaling-skulen fekk lært seg! Tolk var ikkje naudsynt!

Åsa i aksjon igjen. Denne gongen er det velkjente doktorsisten, som vi og fekk lært frå oss under opphaldet.

12-fellesbilde

Her er vi og vertsklassa ved Badaling-skulen framfor skulebygget deira. Svært vellukka besøk og mange gode minner!

Eit knippe av oss, samt guiden vår, Kathy i lag med dei som dreiv hotellet/restauranten som vi åt og sov på i Badaling. Inngangspartiet til restauranten i bakgrunnen. Etter å ha forlatt Badaling, tok vi resten av dagen fri for å oppleve Beijing på eiga hand, samt få litt tid til å slappe av og kome oss litt etter opphaldet i Badaling.

Det var dessverre ingen som gjorde seg fortent til den ettertrakta og populære tittelen dagens pinne i dag. Difor har juryen valgt å overføre premien frå i dag til i morgon, og då kome tilbake med to dagens pinnar. Lukke til alle deltakarar!

-Øyvind