Dagen i dag har vore full av opplevingar, møte med kinesarar og Kinesisk kultur.
Vi starta dagen med eit besøk ved Beijing Filmakademi og Animasjonshøgskule. Der fekk vi omvisning, kik på lokaliteter og utstyr, møte med ei rekkje ansatte, samt ein smakebit av undervisninga ved skulen. Avslutningsvis fekk vi alle saman kvar sin caps, som Klas her stolt viser fram. Biletet til høgre viser ein animasjonselev ved skulen som viser oss litt av det han kan og det han driv med i studiet sitt. |
|
|
![]() |
|
Kinesisk animasjonsstudent
Merete og Mia i sykkeldrosje |
Etter nok ein rundtur i sykkeldrosje, besøkte vi ein Kinesisk silkefabrikk, der vi fekk introduksjon i silkeproduksjon, samt gode mogelegheiter til å svi av kinesiske pengar i den enorme butikken der. Biletet her viser introduksjon i silkeproduksjon:
![]() |
Også dagen i dag må vi innom det kulinariske hjørnet, og det vanskelege nynorske begrepet «etepinne» eventuelt «matpinne. Tittelen dagens pinne må i dag delast mellom to: Anders og Ingvill. Vi gratulerer! |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Dagen vart avslutta med eit av turens høgdepunkt så langt, for mange: Akrobatikkshow. Gutar og jenter mellom 8 og 15 år heldt eit forrykande show og imponerte dei fleste med enorm fleksibilitet, presisjon, balanse osv. Det siste biletet viser ein tydeleg stolt Joar, ståande like bak ein av akrobatane. Ha ei god natt! |
-Øyvind