Ennå ein i Beijing dag er unnagjort, og tida flyg av garde! Dagen i dag har bestått av:
Sol, sommar og shopping, palass, pizza og pruting.
I tillegg fekk halvparten av oss med oss eit fantastisk kung-fu-show.
Og vi gjer som i går; bileta får tale for seg sjølve:
![]() |
||||||||||||||||||||||||
Marius poserer framføre ein båt av marmor i Sommarpalasset
|
Til slutt, dagens pinne. I dag vart dette ei som har masa fælt kvar dag om å få bli kåra til dagens pinne, nemleg Åsa. Juryen gratulerer som vanleg! I morgon tidleg reiser vi til den Kinesiske muren ved Juyongguan. Deretter kjem vi til å køyre til ein liten landsby i nordvest som heiter Xiaofengying. Der skal vi treffe lokale bondefamiliar, ete middag og tilbringe kvelden og natta hos dei. Dette er vi svært spente på, for det blir nok eit totalt anna Kina vi får møte då. På grunn av at det er svært tvilsamt at det er internetttilkobling å få tak i i Xiaofengying, tvilar eg på at det blir noko rapport frå oss i morgon, men vi vil då sjølvsagt kome sterkt tilbake måndag med bilete frå dei tinga vi har opplevd. Då har vi også fått på plass Kinaklassa her på Red Wall Hotell i Beijing, og vi gler oss til å treffe dei igjen! Ha det bra så lengje! -Øyvind |
![]() |