Animasjonsklassa har fått eit glimt inn i den profesjonelle animasjonsverda. I Beijing tok «Dream Animation» seg tid til ei lita omvisning for klassa. Vi fekk sjå arbeidsrommet der dei teiknar filmar, og bearbeider stoffet på data. Vi fekk og prøve lydstudio, der John debuterte som songstjerne. «Dream Animation» levere mykje av sin produksjon i forma av seriar til den statlege Kinesiske TV-kanalen. I tilknytning til filmselskapet fekk vi og sjå eit cartoon-museum  med gamle kinesiske teikneseriar og studio for innspeling av dukkefilm i underetasjen.

Animasjonslandskap for dukkefilm.
Cartoon-museum

Vi var og på besøk på eit universitet i same område, som utdannar animatørar og speldesignarar. Mange store og kjende filmskaparar i Kina kjem frå denne plassen. Dei har utvekslingsordningar og har vore på besøk hos universitet og høgskular i Europa, også i Volda. Vi vart tatt godt imot og fekk presentert filmar som var på eit høgt teknisk og kunstnarleg nivå, – veldig kjekt og inspirerande!