Animasjonsklassa fekk i dag ein liten forsmak på Japan. Noriko skal vere gjestelærar i klassa og var i dag innom for å helse på.

Noriko har japansk språk som sitt hovudfag, og kan i tillegg mykje om Japansk kultur og samfunn. Ho har òg arrangert turar til Japan for ulike grupper. Noriko skal både vere med på å førebu turen for Animasjonsklassa og ho skal vere med som guide og reiseleiar. Turen blir arrangert to veker før påske. Før ei slik reise må ein lære noko om kultur, samfunn, filosofi og kanskje litt om mattradisjonar. Vi ser fram til eit spennande og lærerikt samarbeid med Noriko!

Foto:Noriko på besøk i animasjonsklassa. Her saman med lærarane Tiina og Jørn,og tre av tilsaman 20 elevar: Fredrik,Torgeir og Martin.