Etter tre spennande dagar i Xi`an reiste animasjonsklasssa vidare til Chengdu. Frå snøvèr i Beijing og på muren, vart vi her møtt med varm luft og hot food. Sichuan-provinsen er kjend for å ha det beste kjøkkenet i Kina og sererer m.a. mykje sterk mat. Heldigvis fekk vi sjølv velge. Under opphaldet her skal vi etterkvart besøke både ein animasjonsskule og eit firma. Men først skal vi sjå litt på det som Chengdu og Sichuan er stolte av; Den store panda-bjørnen er utryddingstrua, og det har blitt gjort mykje for å redde arten og dei 1800 individa som framleis lever i fjella i denne delen av Kina. Søndag morgon starta vi tidleg for å sjå når pandaene kom ut for å ete frukost. Seinare på dagen blir dei sløve og er lite i aktivitet, men vi fekk sjå glade dyr som kosa seg i vårsola.

Pandafrukost
Heile familien storma ut til fersk bambus. Den svarte og kvite pandaen lever vanlegvis aleine, men dei unge dyra går saman til dei blir litt større.
Panda sovande i tre
Denne tar ein liten blund i toppen av eit tre!
Vi fekk og sjå mange raude pandaer. Dei lever saman i små flokkar og er veldig sjarmerande.