Det har vore ein lang dag med mykje historie og kultur for oss i Beijing i dag. Vi har sett på og blitt fortalt en heil masse om både «Den Himmelske Freds plass», «Den Forbudte By», «Capital Museum», samt besøkt ein Cloisonne-fabrikk.

Her kjem nokre bilete frå dagen:

alle

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Heile gjengen samla til fotografering framføre inngangen til «Den Forbudte By»

 

Her er vi på «Den Himmelske Freds Plass» og lyttar på det Kathy har å fortelje.

 

forbudte-by

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

Inne i «Den Forbudte By» sjekka Alex og Martin om det kanskje var forbudt på hoppe…

 

disiplin

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Då vi skulle inn på «Capital Museum» vart vi bedne om å stille på to rekkjer; jentene på ei og gutane på ei. Dette er ikkje noko vi gjer kvar dag, men vi var så flinke at fotograf Einar fann ut at dette skal vi begynne med kvar morgon føre morgonsamlingane på folkehøgskulen. God idé!

Underteikna vil gjerne understreke at noko av det store med denne turen ser ut til å liggje på det kulinariske feltet. Det er massevis av deilige rettar og variantar av grønsaker, kjøtt og fisk som blir servert til alle måltid (ja, også frukost), i tillegg til ris og Jasmin-te, såklart. Og alle et etterkvart med spisepinnar (heiter det eigentleg ete-pinnar på nynorsk??) som om dei ikkje skulle ha gjort anna heile livet. Dette gjeld også Kari, den heldige utvalgte i serien «Dagens Pinne» som no ser ut til å ha blitt ein tradisjon her på websidene.

Det vi skal oppleve i morgon er for mange særs spennande. Vi skal nemleg besøke høgskulestudentar som studerer nettopp film og animasjon her i Beijing. Dessutan skal vi visstnok køyre sykkeldrosje i hutongar, samt nyte ei akrobatikkforestilling.

-Øyvind