Intervju med Kari Nygard Tvilde – en positiv menneske og kreativ sjel.

Animasjonselev i 2006-2007.

Assistent ved animasjonslinje i 2007-2008.

Studerer ved Høgskolen i Volda.

 

Kari, animasjonselev i 2006-2007.

1. Hvorfor valgte du Møre fhs?
– Eg valgte Møre Folkehøgskule fordi det var den einaste folkehøgskulen i landet som kunne tilby animasjonslinje. Etter å ha gått allmennfag på vidaregåande, så var eg klar for noko nytt, og då var animasjon noko som trigga meg.

2. Hvordan var ditt år på Møre fhs og animasjonslinja?
Fantastisk! Så mange nye vener, så mange klemmar, og så mange nye opplevingar! Eg sette utruleg pris på alle valfaga eg fekk i tillegg til animasjonslinja, og keramikk vart nok ein favoritt hjå meg. Og så er det ein stor pluss at skulen ligg midt i hjarta av Sunnmørsalpane.

3. Noe nyttige tips til animasjonselever:
Prøv, ha det gøy, og lær! Animasjon krevjer tolmod, men det er utruleg moro. På Møre Folkehøgskule kan du lære deg animasjon utan å kunne for mykje om det frå før, og det kan opne dører til vidare utdanning. På folkehøgskulen har du lov til å eksperimentere, og det er det berre å nyte!

4. Videreutdanning etter Møre fhs og animasjonslinja:
Eg tok eit år på animasjonskunst på NISS (Nordisk Institutt for Scene og Studio) i Oslo. Etter det har eg tatt bachelorgrad i journalistikk i Volda, og fekk tatt andre året i Tyskland. Då lærte eg blant anna 3D studio max.

5. Hva gjør du nå/hva jobber du med? Prosjekter, filmer … osv.
No går eg på Mastergradsstudium i dokumentar og journalistikk i Volda, og jobbar for tida med ein dokumentarfilm på studiet. Kanskje litt animasjon må brukast?

6. Noen filmer som du har laget:
Eksperimentell animasjon –
http://www.youtube.com/watch?v=ifcMSFtN974
State of mind –
http://vimeo.com/user4849248/videos
Wohnsinn –
http://vimeo.com/26617736

Kari.