Fredrik Steinsvik fekk hederleg omtale i hovedprogrammet for animasjonsfilmen «Beyond Life». Juryen sa m.a. i si grunngjeving: «Vi gir en hederlig omtale til en liten film om store, eksistensielle spørsmål. En enkel og ren framstilling av det ubeskyttede og plagede mennesket. Streken eller figuren gir et presist bilde av filmens tematikk.»

Fredrik lagde filmen då han var elev på Animasjonslinja på Møre Folkehøgskule i fjor. I år studerer han  Animasjon ved Høgskulen i Volda.      
                

Årselev Stian Hafstad på Animasjonslinja fekk 3. prisen for filmen «Inspirasjon» i publikumsavstemminga om årets beste ett-minuttsfilm.   
   
05_600px

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I tillegg til å delta på «Minimalen» var vi og på ekskursjon til NRK der tidlegare elev på TV/Film-linja vår, og no m.a. P1 sin nattradiovert Mona Kvam var omvisar. Vi var innom nattradiostudio, Midtnytt sitt tv-studio, fekk ei orientering frå folka bak «Newton» og vi fekk og lære noko om lyddesign for radio.
I tillegg til NRK var vi og på omvisning og orientering ved  Kunstakademiet og på NTNU avd. for Mediefag og kommunikasjon. Omvisar på Kunstakademiet var Eivind Vedlog og på NTNU Johan Magnus Elvemo.

Tidlegare elev på TV/Film-linja og vår omvisar på NRK Tyholt; Mona Kvam viser oss P1 sitt  nye nattradiostuio.

Stian_330px

Ein glad Stian Hafstad for 3. plassen i ett-minutts konkurransen. Til høgre signerer festivalgjest og kjend animasjonsfilmskapar Phil Mulloy ein av sine  DVD’ar for Møre Folkehøgskule. 

Her kan du sjå fleire bilder frå Trondheimsturen.