Ni hao!

No er det ei lita stund sidan animasjonsklassen var på ein veldig kjekk skuletur i Beijing. Me var der i åtte dagar, og her kjem ein liten oppsummering av turen.

Animasjonsklassen i beijing
Ein gledelig gjeng ved Den forbudte by.

 

Dag 1 og 2.

Klassen møtte opp på Gardermoen 6. mars for å ta fly til Kina. Me mellomlanda i Helsinki og skulle vidare til Beijing etter tre timar. Den tre timars ventinga blei til ein kjedelig, over fem timars venting, men til slutt satt vi på flyet på vei til «verdens midtpunkt». Turen tok ni lange flytimar.

Fordi me var forsinka med flyet, blei det ikkje noko program for oss i denne dagen. Me fekk slappe av og hadde felles lunsj, innsjekking på Beijing Education University studentheim og felles middag. Da det vart kveld var det godt å kome seg til sengs!

Dag 1 på flyplassen i Helsinki Dag 1 på flyet
Sondre og Rikke «Slår tid i hjel» på flyplassen i Helsinki. Endelig på flyet!
Dag 1 på flyplassen i Beijing Dag 1 hotellet
Etter 9-timers flytur er vi på flyplassen i Beijing. Ved studentheim.

Dag 3.

Dag tre var den første dagen med eit langt, 14-timars program. Me var ved Den himmelske fredsplass og i Den forbudte by.

Dag 2 Den forbudte by 2 Dag 2 Den forbudte by 6
Dag 2 Den forbudte by Dag 2 Den forbudte by 7

Etterpå tok me sykkeldrosje, åt hos ein kinesisk familie og «klatra» opp til Trommetornet i hutong-området.

Dag 3 hutong Dag 3 hutong 2
Hutong.
Dag 3 hutong 3 Dag 3 hutong sykkeldrosje
Lunsj hos ein familie. Sykkeldrosje.
Dag 3 hutong sykkeldrosje 2 Dag 3 hutong sykkeldrosje 3

Me desøkte Himmelens tempel før felles middag. Etter måltidet var det kung-fu forestilling.

Dag 3 kung-fu Dag 3 kung-fu 3
Kung-fu forestillingen.

Dag 4.

Me køyrde forbi OL-anlegget og fikk tatt bilder av «fuglereiret» – den olympiske stadion som ikkje er heilt ferdig ennå. På vei til Den kinesiske mur, som ligge omtrent 1,5 timers kjøring frå Beijing, tok me turen innom ein silkefabrikk. På muren hadde me med odd lunsjboksar, og etter endelig å ha nådd toppen opp, enten gåande eller med heis, kunne me ete. Det var fint vær og sola skein. Tilbake i Beijing var me i Sommerpalasset og åt felles middag.

Dag 4 muren 2 Dag 4 muren 6
Muren!
Dag 4 muren 4 Dag 4 muren
Hvor fekk du kosten, Astri!?
Dag 4 muren 3 Dag 4 muren 5
Lunsj på muren.

Dag 5.

Besøk til Animasjons Institutet og Videregående skule nr. 63. På animasjonsskulen fekk me omvisning i studioane, me fekk sett ein del kulissar og dokker til dokkefilm og fekk snakke med nokre animasjonslærarar. På vidaregående skule deltok me i ein engelsk time i lag med kinesiske elevar og var med på sløyd. Etter skulebesøkene kjørte me til «free marked».

Dag 5 Animasjonsskole 3 Dag 5 Animasjonsskole 6
Animasjons Institutt.
Dag 5 animasjonsskole 5 Dag 5 Animasjonsskole
Dag 5 Videregående skole 4 Dag 5 Videregående skole 3
Engelsk timen på vidaregående skule nr. 63.
Dag 5 Videregående skole Dag 5 Videregående skole 2

Dag 6.

Morgonen begynte tidlig i ein park i nærleiken av hotellet med morgongymnastikk i lag med lokalbefolkningen.

Dag 6 morgengymnastikk 2
Morgengym.

Etter det besøkte me Peking opera skule, kvar me fekk sett korleis operaartister vert trent opp. Det var både dans, song, akrobatikk og litt kampsport med sverd. Etter oparaskulen besøkte me ein Cloisonné fabrikk og Lamatempelet. Da blei det Yaxiu market og middag før me skulle sjå på Peking opera forestilling.

Dag 6 Peking opera skole Dag 6 Peking opera skole 2
Peking opera. Her trenes det «generaler». Dans-akrobatikk med staver.
Lamatempel
Lamatempelet

Dag 7.

Denne dagen begynte med zoo og pandaer. Etter å ha sett pandaer var me i den store gågata. Der var mange butikkar, og ein kunne også ete mye rart som skorpionar, grashopper, larver… og glaserte jordbær på pinne!

Dag 7 panda 2 Dag 7 panda 3
Mat Mat 3
Slik åt vi både lunsj… … og middag.

Dag 8.

Ein lang heimreisedag…

Dag 8 fuglereir Dag 8 på flyplassen i Beijing
OL-stadion «fuglereir» På flyplassen i Beijing, «gammel dame» Aslak og Linda

Programmet på alle dagane var veldig hektisk og tett, men spanande og artig. Klassen fekk sett og opplevd mykje.

Xiexie! – takk, og Zaidjen! – på gjensyn!

 

Tiina og Kari