Vi er berre komen til torsdag, men vi har allereie hatt tre dagar i vatnet på Stadlandet og Hoddevika. Med nydelige naturopplevingar, bølger som slår inn mot land, det enkle friluftslivet med telt og stormkjøkken samt ei sol som går ned i havet. Det var dekka for nydelige dagar i Hoddevik med surfing som hovudaktivitet.

Elevane brukte erfaringane frå sist tur til å ta bølger og ri dei inn i solnedgangen. Mykje øving og failing gjorde til slutt at ein fekk føle gleda og meistringa med bølgekrafta som tok deg inn til land. Det blei også tid til fjelltur, øving på longboard, bålkos og turar på stranda. Du ser bilete frå surfinga i bildegalleriet.