Tirsdag denne veka var vi på «topptur» for å lære meir om å gjere eit sikkert vegval i vinterfjellet, samtidig som vi fekk ein flott nedkøyring på ski og snowboard. Onsdag var vi i det våte element med havkajakk som farkost.
![]() |
Bjørn Olav, Jens og Simen på veg opp «Fingersida» i Standalen |
![]() |
![]() |
Utsikt ned mot Standalen | På veg oppover. «Sylen» i bakgrunnen |
![]() |
Dei siste meterane før vi har ein fantastisk utsikt ned mot Romedalen |
![]() |
![]() |
Martine og Astrid med Saudehornet i bakgrunnen | Astrid nedover Ørstaelva |
![]() |
Vinterpadling i Ørstafjorden. Anne og Inger. |