Det er no snart ein månad sidan vi traff kvarandre for fyrste gong. Vi har vore svært heldig med veret og nytta tida godt til grunnleggjande opplæring i friluftsliv

Den fyrste utfordringa til Adventura-Vatn var «Sunnmøre rundt». Her tok vi oss fram på «eiga maskin» for å sjå det finaste naturen på Sunnmøre har å by på. Veka etter var det opplæring i havkajakk og vidareføring i klatring.

      Fyrste stopp var Øvstefeltet i Aldalen. Opplæring i klatring, sikring og rapellering
sunnmøre rundt01
         Karin viser her at ho stoler på seg sjølv og utstyret når ho rapellerer ned
                Fergetur frå Sæbø til Lekneset. Neste mål: Slogen( 1564 m.o.h)
       På veg opp. Fredrik, Ragnhild, Charlotte og Sjur. Underteikna i bakgrunnen.
        Marius nyt sola og tek ein velfortjent pause etter å ha bestege Slogen.
                                         Samling på toppen
                    Hopping og bading på Raudeøya. Liadalsnipa i bakgrunnen.
          Opplæring i bruk av havkajakk. Her øver dei på kameratredning etter velt.
                               Raudeøya rundt med havkajakk
sunnmøre rundt08
    Klatring på Kyrkjesteinen. Nora og Hanne.