I forrige veke var elevane ved Adventura-Vatn på rundtur i Sunnmørsk natur. Framkomstmiddelet var sykkel og fjellsko med innslag av litt kajakk og klatresko.
Fyrste etappe gjekk frå Ørsta til Øvstefeltet i Aldalen. Her vart det innføring i klatring og rappelering før vi sykla vidare til Bjørdalsvatnet og overnatta i telt.
![]() |
![]() |
Martine rappelerer | Tonje |
![]() |
Førebuing til klatring |
![]() |
Steffen, Cathrine, Mali og Magnhild i lavvoen |
Etter overnattinga gjekk vi igang med opplæring i bruk av havkajakk. Det var kaldt og regn, men elevane var ikkje redde for å hive seg i vatnet.
![]() |
Steffen, Martine og Simen er ferdig med øving i «kameratberging» |
Neste etappe gjekk vidare til Øye i Norangsdalen kor vi starta oppturen til Slogen som ligg 1564 moh. Sola skinte, utsikten var fantastisk og dette var nok definitivt høgdepunktet på turen.
![]() |
Mads og Kjetil på veg oppover mot Slogen |
![]() |
![]() |
Pause med påfyll av vatn. | Ole Martin |
![]() |
![]() |
Mali og Åsa | Lett klyving til topps |
![]() |
Adventura-Vatn samla på toppen av Slogen |
Etter at vi hadde vore på Slogen gjekk vi ned til Patchell hytta, laga middag og overnatta til fredagen. På fredag var det nok ein etappe ned eit brattheng til fjorden og sykling tilbake til Ørsta. Elevane har i alt tilbakelagt ca. 90 km denne opningsveka.
![]() |
Mali, Simen og Magnhild tek ein pust på røyret i vente på at ferga skal gå. |