Tog med kupévogn, padling på Vltava og eit uventa snøfall:) Vi er no heimkomen frå ein fantastisk rundtur i Tsjekkia. Klikk for å lese meir frå fyrste del av denne spennande turen.

16 Oktober reiste vi avgårde til Tsjekkia. I Praha vart vi møtt av Michal, eller «Michelle» som etterkvart vart kallenavnet hans. Han er frå Tsjekkia og har gått på Møre Folkehøgskule for ein del år tilbake. Han skulle vere vår guide og ikkje minst tolk på denne turen. Etter eit kort opphald i Praha reiste vi sørover med tog til Vyssi Brod. Dette var utgangspunktet vårt for padling på elva, «Vltava».

Tsjekkiaweb01
                                Lisa og Petter på toget til Vyssi Brod.

Vel framme i Vyssi Brod fekk vi grillmat på pensjonatet og ei god natt søvn. Vi vakna opp til 20 varmegrader og strålande sol. Fyrste padle-etappe var på ca.10 km frå Vyssi Brod til Rozumberk.

tsjekkiaweb02
                                       Jentene i fyrste stryket på turen
tsjekkiaweb03 tsjekkiaweb04
        På veg nedover      Framme i Rozumberk. Vi overnatta på slottet til høgre
tsjekkiaweb05
                   Ein flott kveld i Rozumberk. Utsikt frå slottet og ned mot Vltava


Etter ein litt «skummel» overnatting på slottet tok vi til på den lengste padle-etappen på turen. Ca.24 km med padling frå Rozumberk til Cesky Krumlov stod på programmet.

Tsjekkia06
                                Michal og underteikna på andre etappe


Det viste seg at tsjekkiske kilometer er litt lengre enn norske. Når vi trudde vi var halvvegs, var vi berre halvvegs til halvvegs. Humøret var uansett på topp og vi nytta pausane på land til treklatring og bålbrenning.

tsjekkiaweb06
                              Ein liten pause med lunch og pølsegrilling
tsjekkiaweb07
                             Jørn og Jens utfordrar kvarandre i treklatring


Etter ein lang dag på elva nådde vi fram til Cesky Krumlov. Her tok vi inn på «Hostel Havana». Dagen etter viste deg seg at snøen låg kvit utafor døra. Av den grunn vart det ein dag mindre med padling og årets fyrste snømann vart ein realitet.

tsjekkiaweb08
                                      Snømann i Cesky Krumlov.