Adventura-Vatn: Vinterfriluftsliv og Moderne skileik
Av: Webmaster [sist endra: 20.02.2008 kl. 22.13]
Denne veka har Adventura-Vatn hatt fokus på vinterfriluftsliv. Kart og kompass, førebyggjing og behandling av frostskadar og ikkje minst snøskredlære. Seansen vart avslutta med ski og breittleik på Standalhytta.
Det vart ein kald dag i klasserommet på mandag, då elevane vart beordra barbeint ut i snøen. Etter 5 minutt fekk dei kome inn igjen for å legge beina på magen til «makkeren». Dette vert kalla «hud mot hud» prinsippet som er effektivt i førebyggjing mot frostskadar.
 |
Litt nedkjøling før «hud mot hud» prinsippet vert testa ut. |
 |
 |
Eit kraftig løssnøskred forårsaka av mildvær |
Øving i søk og bruk av søkestang |
 |
Utgraving |
 |
 |
Moderne skileik: Øyvind lærer seg å raile |
Aurora og Jørn |
– Hugs at det kan gå skred i alle heng som er 30 grader eller brattare
– Følg rygg, vær trygg. Ha ein fjellfin vinter:)