Med nyinnkjøpte havkajakker og ein flott solskinsdag, fekk nokre av «Vatn» elevane æra av å sjøsette dei i Ørstafjorden.

Møre Folkehøgskule har kjøpt inn 11 havkajakker med årer, vestar og trekk. Vi hadde berre 1 havkajakk frå før, og vi har no 12 kajakker som garantert vil bli flittig brukt på dei ulike Adventura linjene. Vi planlegg og å ha havkajakk som valfag frå hausten av. Vi har no moglegheita til å oppleve fjordane på Sunnmøre, både i skuletida og i fritida.

kajakk01
                           Julie og Maja pakkar båtane ut av plasten
kajakk02
                Maja, Marte, Heidi og Julie er klar for ein tur i Ørstafjorden
kajakk03 kajakk04
        På veg innover Ørstafjorden             Heidi kosar seg i vårsola
kajakk05
                Kva med ein skitur i sunnmørsalpane fyrst, og havkajakk etterpå??