Dei siste vekene har elevane i Adventura Sør-Amerika øvd på eskimorulle i basseng i Volda. Eskimorulle er ein teknikk for å vippe opp kajaken ved hjelp av padleåra dersom du har tippa rundt og ligg opp ned under vatn.
Elevane var svært lydhøre for instruksjon, og viste stor innsatsvilje i bassenget. Etter 2 lange dager med øving, hadde over 90% av elevene klart eskimorulla!
Les meir på bloggen http://soramerikaklassen.com om kva elevane erfarte i bassenget, og sjå fleire bilete frå treninga!