Adventura Sør-Amerika returnerte i februar 2014 frå ein fantastisk fem vekes studietur til Peru. På reisa gjennom inkaene sitt gamle rike opplevde klassa mellom anna Stillehavskysten, reise til 4.500 meters høgde i Andesfjella, besøk i Machu Pichu og fekk kjenne på stemninga i urørt Amazonas-regnskog.

Klassa fekk og med seg opplevingar som kitekurs, terrengsykling og rafting. Nyt filmen «SOY PERUANO –  En reise gjennom Peru», og bli med på klassa sine opplevingar på studietur med linja Adventura Sør-Amerika!