For dei aller fleste blir eit år på folkehøgskule «året i livet» – for nokre blir året avgjerande for vidare valg.

Kjersti ville ha eit år på Folkehøgskule og valgte Møre fordi ho hadde lyst å reise og var interessert i å lære meir om Kina – lite ante ho at ho skulle ende opp med å snakke flytande kinesisk og studere i Kina.
 

kjersti bes鴎er Kinaklassen

 
Kjersti var elev i 2004 – 2005, det andre året vi hadde «Kina – Midtens» rike på skulen. Kina og kinesisk språk fengsla, og ho starta på Aust-asiatiske studier på Universitetet i Oslo. Dette gav muligheiter for å studere eit semester i Beijing, jobb for norsk bedrift i Kina og til hausten held ho fram med studiene sine på Universitetet i Shanghai.

Sist veke besøkte ho «Kina – Midtens rike» på Møre og fortalde om erfaringane sine. Under besøket kommuniserte ho «flytande» kinesisk med Sumin – til stor glede for begge!

kjersti Hetland

Fleire tidlegare elevar på «Kina – Midtens rike» har studert kinesisk i Norge eller i Kina – vi ønsker Kjersti og dei andre lykke til!