– Det er viktig for oss at lærarane våre er kinesiske! I årets kull 2020-2021 i klassa Kina – Midtens rike med Japan er det heile fire jenter som er adopterte frå Kina då dei var små. Dei legg vekt på at det er spennande å møte lærarane Sumin og Haibiao som er kinesiske. Ein får eit anna perspektiv på den kultur-kunnskapen ein lærer på skulen og at stilen til lærarane er ein heilt anna enn norske lærarar har. Dei er samde om at; «det altfor lite undervisning om Asia og Kina i grunnskulen og på vidaregåande».

Dei fire jentene har alle fått spørsmål om sin kinesiske bakgrunn gjennom barndommen. Dette kjennes rart fordi ein er fullstendig norsk innvendig. Det er kjekt å møte andre som er i same situasjon, ein får utveksla erfaringar og dele tankar om sin eigen identitet.

Jentene har etter kvart blitt litt meir nysgjerrige på sin bakgrunn, og Kinaklassa på Møre folkehøgskule er ein god introduksjon til landet, historia, kulturen og ikkje minst er det spennande å lære kinesisk språk.

Dessverre hindrar korona-situasjonen klassa i å legge ut på den årlege store kina-reisa dette skuleåret, men lærarane planlegg ei tur for årets kull sommaren 2022.

Klikk her for å lese meir om linja Kina – Midtens rike.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *