3.mars drog me sørover til varmare strøk, som alle satte stor pris på. Me ankom det livlige hostellet seint på kveld og alle var ganske slitne etter ein lang reise. Tidleg neste morgon vart me henta av bussen vår, som skulle køyra oss til dagens attraksjon, Steinskogen.

jentene i stenskogen elefant


Etter ein klam og lang busstur var me endeleg framme. Heldigvis tok me ikkje med oss shortsen forgjeves! Steinskogen er eit resultat av fleire millionar år med erosjon. Alle synest det var morosamt å snike seg mellom dei trange steingangane og sjå dei mystiske og underlege steinformasjoane. Me såg både elefantar og tigarar og fantasien fekk fritt spelerom. Resten av dagen fekk me utforska byen litt på eiga hand og åt for første gang på restaurant utan Sumin. Dette gjekk strålande!

Lijiang Naxikvinner

Nesten morgen sjekket me ut frå hostellet kl.5 og det var ein morgongretten gjeng som satte kursen mot flyplassen. Me blei delt opp i tre grupper, som tok kvar sitt fly og me kjende oss ein smule sjølvstendige. I Lijiang vart me henta på flyplassen og køyrd inn til byen der me hadde ein god felles lunsj. Resten av dagen fekk me omvisning i den gamle byen og fekk utforska litt på eiga hand. Byen har mange herlige særtrekk som mange trange smug med butikkar og restauranter. Noko anna som særprega denne byen var all musikken, dansen og livet i gatene. Me fekk sjå mange forskjellige folkedansar, der alle kunne bli med.

07 klassen i Lijiang


Neste dag drog me på ein heildags utflukt til Shigu, der Yangze elva har sin største sving. Me gjekk opp på eit lite platå og fekk god utsikt. Langs dei trange gatene opp mot platået fekk me sjå lokalfolket gjera sine daglege gjeremål og alle forelska seg i dei herlige barna. Det var også svært vakker og fin natur her. Etterpå gjekk turen vidare til Tigersprangskløfta. Grunna fare for steinras måtte me vera særs forsiktig og alle gjekk fint på rekke lang fjellveggen ”heile” turen. Det var bratt ned til Yangze elva som brusa vilt avgårde. Ein stor stein midt i elva gjorde det, i følgje lengendene, mogleg for tigeren å kryssa elva. Etter lang og slitsom dag bar det heimover, der klassen samla gjekk ut å åt middag på eiga hand.

blomster 1


Dag 13 drog me ut til Yuhu landsbyen, som ligger 2800 m.o.h, for å besøka Josef Rock museet. Her fekk me eit innblikk i Josef Rock sitt liv og hans forhold til Yunnan provinsen og Naxi- folket. Så bar det vidare til Yufeng tempelet, som var eit buddhistisk tempel. Me fekk anledning til å tenne røykelse å be for familie og venner. Det stod eit vakkert stort camelinatre i ein hage ved sida av, som ein buddhistisk munk hadde vakta heila livet. Dersom ein tok på dette treet kunne ein risikera å bli slått av munken.

10 klassen foran camelliatreet


Etter lunsj var me så heldige at me fekk anledning til å sjå ei spektakulært forstilling satt saman av fleire folketslag her frå Lijiang. Me nøyt den varme sola frå klar blå himmel i håp om å få litt farge. Kontrasten var stor fra alle kinesarane som pakka seg godt inn, med alt fra solbriller og caps til paraply, for å skjerma seg mot sola. Forestillinga omhandla både livet her ved Jade Dragens fjell og historia til dei ulike folkeslaga. Alle satt med både gåsehud og tårer i augene etter denne opplevinga! Dette satte spor i oss alle.

snow mountain 4


Siste dagen i Lijiang besøkte me Svartdragens park, som var ein vakker park med yrande folkeliv. Me fekk vårkjensle av alt det grønne og dei blomstrande trea. Det var mykje folkedans, og mange koste seg med Mahjong og kortspel. Dong Ba museumet som låg like ved parken, vart dagens neste attraksjon. Me fekk guided tur gjennom historien og livsttilen til Naxi- folket. Etter ein god lunsj på ein lokal restaurant var alle mette og klare for å bestige Wan Gu Lou, som låg 2680 m.o.h. Her fekk me eit flott fugleperspektiv over Lijiang. Resten av dagen blei brukt til å gjera dei siste innkjøpa frå dei lokale bodene.
I morgon reiser me, dessverre herifrå, vidare med fly tilbake til Kunming for å så å ta nattoget til Guiyang. Me ser fram til å ta nattog på 1.klasses kupèer og gleder oss til neste destinasjon.

08 Lijiang


Se fleire bilder her.

Stor Klem frå Heidi og Mari Elise 🙂