I tre timar gikk Kinaelevene fra dør til dør i Ørsta og samla inn 64 bossekker med tomflasker. Spente elevar panta flaskene og resultatet blei 6500,- blanke kroner til Lilong Håpskule i det sørlige Kina.
Kinaklassa har sidan tidleg i haust arbeidt for å samle inn pengar som dei kan ta med når dei skal besøke Lilong barneskole på den store Kinaturen som startar til helga.
![]() |
||
Lilong håpskule treng hjelp for at elevane skal få ein betre skulekvardag. Kvart år besøker Kina – Midtens rike skulen og har med utstyr, læremiddel, bøker, sportsutstyr og musikkinstrument som dei kjøper i Kina. I tillegg har dei med pengar som vert spart for å utbetre skulebygningane.
Kina – Midtens rike brukar nokre dagar på skulen ilag med dei kinesiske elevane. Besøket er eit av høgdepunkta på den 6 veker lange Kinaturen. Det kjem rapport frå besøket i Reisebrev som elevane legg ut under turen. |