Me ankom Shanghai med fly mandag kveld og alle såg fram til  å få ei god natt søvn på Captain hostel.

Frukosten på hostellet dagen etter var i minste laget for mange av dei svoltne elevane. Etterpå var det tid for sightseeing å bli kjent med denne storbyen. Turen starta på The Bund, som er ei vakker strandpromenade og me fekk ei vakker utsikt over elva, Huang Pu. Me tok ei ferja over elva til Pudong, som er ”Den nye Shanghai”.

sha 003

Deretter drog me til Shanghai World Financial Center, som er verdas nest høgaste bygning, på 492m. Det vart ferdig bygd i august 2008, så dette er fyrste gang Kina- klassa besøker denne serverdigheten. Me tok heis opp til 100. etasje, og fekk eit flott fugleperspektiv over byen. Etter lunsj tok me t-bane til Nanjing gågate, som er ei berømt handlegate. Kjøpesentera låg på rekke og rad nedover og me fekk god tid til å sjå oss rundt.

sha 05

På kvelden drog me på eit Akrobatikk-Show og alle fekk erfara kor vanskeleg det kan vera å få tak i taxi i ein storby. På akrobatikk showet fekk me sjå alt frå akrobatikk til tryllekunst og ” flygande motorsykklar”. Alle satt med hjarta i halsen!

Dagen etterpå drog nokre svoltne elevar til ein nærliggjande restaurant for frukost. Me sjekka ut før me drog til dagens høgdepunkt, som var skreddersy markedet. Her fekk me skreddersydd jakkar, kjolar og alt ein kunne ynskja seg. Det var ein sliten, men veldig nøgd gjeng som drog til lunsj på ein japansk restaurant. Der dei modigaste prøvde seg på sushi.

Etterpå gjekk me til byplanleggings museumet, som viser Shanghai i foritd, notid og framtid. Me fekk også ei visuell framsyning av framtidas Shanghai. Neste post på programmet var ein tur på Siji markedet. Å ta t-bane i Shanghai er ingen problem for verds vandte elevar! Deretter drog me til eit supermarked og handla inn mat til den lange togturen. På kvelden tok me taxi til jernbanestasjonen for å så ta nattog til Tunxi. Me gleder oss til å koma attende til Shanghai om eit par dagar!:)

byplanmuseun

Etter ei uroleg natt på 2. klasse ”kupeèr” var alle veldig slitne og trøtte. Til vår store lettelse var det eit flott og moderne hotell som venta oss. Etter alle hadde fått sjekka inn og slappa av, drog me til ein lokal restaurant for å eta lunsj. Resten av dagen fekk me til eiga disposisjon, der me kunne kikka litt rundt i byen og lade opp til morgendagens fjelltur!

Ut på tur aldri sur!:)

Helsing Svana og Heidi.

Se flere bilder her.