Heile Kinaklassen reiste onsdag 24. januar til Bjørkedalen der me var fordelt på tre hytter til torsdagen. Når me kom fram til hyttene var alle klar for uteaktiviteter.

Fint fjell
Snoekrig

Me gjekk bort til ein stor bakke der me rann på akebrett og hadde litt snøkrig. Ute var det veldig kaldt, så etter ei stund gjekk me inn. Resten av dagen gjekk i presidenten.

Dei som budde i hytte 1 var så heldige at dei skulle lage heimalaga pizza til resten av gjengen, så om kvelden vart det kjempegod pizza. Heidi og Mari skulle lage brownies og kakao til kveldskos, men midt i laginga gjekk strømmen, så Mari begynte på ei spennande spøkelseshistorie, som resten av kvelden gjekk i. 

Klassen sat i hytte 1 og snakka til langt på natt, det var ein vellykka hyttetur som heile klassen hadde godt av siden me skal vere i lag i seks veker. Nå gleder alle seg masse til neste tur, som er den store Kinaturen.

Tekst og foto Heidi i Kina – Midtens rike