Me har no forlatt Beijing, men det vart ein bra avslutning på vårt fyrste besøk i Midtens rikets hovudstad. Den siste dagen brukte me til å vitje den velkjende himmelske freds plass og Beijing sport university.

Mange blei nok veldig imponert over det dei mange talenta på sportsuniversitetet viste oss. Der me mellom anna fekk sjå Kinas landslag i rytmisk kroppsgymnastikk.bilde016

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Ein 5 m2 kupé er kanskje det som best kan beskrive dei siste to dagane. Dei siste 42 timane har me bevegt oss 3183 km frå Beijing og me befinn oss no i Kunming. Mange vil nok seia at togturen gjekk mykje betre enn forventa, men at det var herleg å koma fram.  

bilde019

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Håpar alt står bra til med dykk på skulen!

Helsing Kinaklassen