Etter om lag ei veke i Beijing er inntrykka mange. Me har opplevd utruleg mykje på kort tid, og det er nesten litt trist at me reiser herifrå i morgon (sjølv om me skal tilbake).
![]() |
Blant tinga me har gjort står den Kinesiske muren høgt. Her gjekk me opp, og spaserte rundt på dette 7400 km lange byggverket. Ei fantastisk oppleving, sjølv om temperaturen var noko låg.
Me har og vitja Beijing-opera skulen i Beijing. Ein særeigen kinesisk opera type, med dans, musikk og spesiell synging (pluss ei intens speling på slaginstrument). Då dette var gjort satt vi inne i Beijings eldste tehus og sjå tradisjonell underholdningsprogram med bl. a. Beijing-opera. Veldig spesiell hørsel- men fantastisk visuell oppleving!
![]() |
Sykkeltaxi rundt i Hutong områda i Beijing har me og gjort. Me fekk ein rundtur, før me fekk servert godt heimelaga mat hjå ein vanleg kinesisk familie.
![]() |
![]() |
![]() |
I går var heile gjengen på Vidaregåande skule nr. 63, venskapsskulen til Møre FHS. Her fekk me omvisning, og fekk møta vanlege kinesiske elevar, og kommunisera med dei. Alle storkoste seg, både norske og kinesiske!
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
I dag har me vitja Lamatempelet i Beijing. Det vart bygd i 1744 av den dåverande keisaren Yong Zheng. Eit utruleg fint område med fabelaktig arkitektur og ein overhengande røykelselukt.
![]() |
Klassen var og ein tur til Beijing Sport University. Her trenar landslaga til Kina i bordtennis, badminton, taekwon do mm.
![]() |
No står pakkinga for tur! I morgon tidleg går turen til Kunming, byen med evig vår. Me gledar oss!
Forfattere: Kristian og Ole-Petter