Torsdag den 2 mars tok me turen til den vakre og vene byen Kunming, ”byen med evig vår”.

Gaagata

Etter ein flytur på rundt 3 timar var det godt å sette beina på fast jord igjen, men skuffelsen var stor då finveret Sumin hadde lova ikkje var å sjå eller kjenne. Det fyrste me gjorde var å sjekke inn på Camellia International Youth Hostel, eit hostel for backpackers frå heile verda, etter dette var det duka for byvandring. Me var alle samde om at Kunming er ein svært vakker og rein by, og er mykje mindre stressande enn Beijing. Dagane her har me brukt på mykje byvandring og shopping, men me har og fått med oss kultur, frå danseshow til mektig natur. 

Ole-Petter, Silje og Marie

På fredag hadde me planlagt ein fjelltur med utsyn over Kunming, den vart avlyst grunna stor interesse for ei dryppstein grotte utanfor byen, Me fekk og med oss vakkert utsyn over rismarker og primitivt kinesisk landbruk.

Etter å ha vitja grottesystemet reiste me til den Store Steinskogen, der me fekk sjå skaparverket i si vakraste form. 10-15 meter høge steinsøyler i alle fasongar var eit spesielt og fagert syn me aldri har sett maken til. På kvelden hadde me VIP plassar til forrykande danseshow der me fekk sjå forskjellige minoritetar i sving. Været denne dagen var ein stor opptur og forstatte på lørdag, 20-25 grader og sol slik som Sumin hadde lova.

Steinskogen 3

Lørdagen har me brukt til å reise på Yunnan Expo Garden, eit hageannlegg midt i hjarta av Kunming. Eksplosjonen av fargar og luktar som møtte oss kjem me seint til å gløyma. Om kvelden tek me tog vidare til Dali, der er det nye opplevingar og inntrykk som ventar oss. Me gleiar oss!

Ingebjorg

Helsing Håkon, Ingebjørg og Anders

Steinskogen 5
Stian og Haakon