Etter ein 8-timars tur med nattoget var me endeleg i Dali, Østens Bergen. Togturen var  over all forventing og alle var utkvilte og klar for byvandring kommande dag.

Marie paa toget
Ida paa toget

Etter å ha sjekka inn på ein litt primitivt og enkel vandreheim var me klare for eit litt enkelt og primitivt danseshow med Bai-folket. Me fekk servert forskjellige typar te medan minoritetsfolket dansa. Bustaden me fekk sjå var svært flott og me fekk eit godt innblikk i korleis Baifolket lever.

Dali byporten
Dali gate
Dali
Baifolkets bolig

Dagens høgdepunkt var derimot Yunnans lengste taubane opp til Cangshan fjellet, taubana på 1,7 kilometer tok 25 min kvar veg. Sola steikte og mange vart solbrende medan me saug til oss inntrykk. På toppen var Baifolkets tempel og smakte på lokale ”rettar”. Resten av dagen brukte me på byvandring og me konkluderte alle me at dette var ein flott by med fin atmosfære. Håkon og Kristian prøvde den lokale frisøren med blanda resultat/krisesituasjon. Blandinga av pottesveis og ingen sveis spreidde latter blant gruppa. Kjempekjekt… Kristian fekk reparert bollesveisen sin i Lijiang medan Håkon må leve som utstøtt i nokre veker til. Kjempekjekt.

Taubane1 Mari slapper av

Tidlig neste dag tok me ein 4 timars busstur til Lijiang, og så kalla ”Verdens Ende”. Nu er me på 2400 m.o.h.

paa vei til Lijiang
Lijiang 2
Lijiang

Meste av dagen var til eigen disposisjon og me fekk godt innblikk i livet i den gamle bydelen dominert av Naxifolket. Den gamle bydelen består av gamle bygg frå 1200-talet under mongolarane si regjeringstid. Byen er bygd opp som ein labyrint og dei fleste av oss hadde små problem med stadsansen, men me kom oss alle i hus til klokka 24.00. Ein veldig kjent bok om Lijiang som står på verldens kulturarvliste er «The forgotten Kingdom » av Peter Goulart. Han var kvitryssisk och levde i Lijiang mellom 1940 og 1949.

Marie og Line

Imorgen skal me på fjelltur til Den Britiske Botaniske Hage i fjellet, ca. ein halvtimes køyring frå Lijiang og 4-5 timers fjellvandring venter deretter. Sumin påstår at den verdsberømte botanikaren Joseph Rock levde på området frå 1922-1949 og studerte i perioden Naxikulturen og planteartane i Yunnan provinsen.

Me har det veldig flott, sjølv om dei svakaste av oss stadig må på små visittar til dei lokale sjukehusa. Temperaturen er fortsatt behageleg og arkitekturen er slåande.

Hotellet i Lijiang
DSC01970
hotellrom i Lijiang

Klemmar og kos Ingebjørg og Håkon.