Flyturen gjekk greitt, men å sitja stille så lenge vart hardt for nokon.
Likevel overlevde alle. Rett etter me landa bar turen rett til severdigheitane.
|
||
Det fyrste på programmet var Himmelens Tempel. Storslått! Etter dette stod lunsjen for tur. Her fekk me servert eit utal ulike rettar, og alle fann noko dei likte. Eit fabelaktig måltid.
Då lunsjen var fortært sjekka me inn på hotellet. Red Wall Hotel, Beijing. Eit firestjerners hotell midt i hjarta av Beijing. Dei fleste sovna raskt, grunna ein fælandes jet-lag, men vart vekte om lag like raskt då middagen stod for tur.
Seinare på kvelden gjekk klassen til gågata. Der det var mykje rare og spanande butikkar. Folk bestilte handsydde dressar og kjolar, og kikka i butikkane. Grunna jet-lagen gjekk folk raskt til sengs og fekk seg ei god natts svevn. |
||
|
||
Vekking var klokka halv 8. Alle kom seg opp til frukost, og var relativt opplagde. Etter frukost køyrde me minibuss rett til Den Himmelske Fredsplass. Her vitja me Mao Zedong’s mausoleum. Ei oppleving! Lunsjen i dag var ikkje dårlegare enn i går, og samtlege fekk ete seg gode og mette.
Me vitja Kinas Historiske Museum. Dette var vel og bra, men litt meir engelsk hadde ikkje vore å forakta. Her var både minoritetsfolk, gamle keisardøme og voksfigurar.
Den Forbudte By var neste post. Her tusla me rundt i fleire timar og tok til oss enorme mengder historie. Den Forbudte By var nok mykje større enn dei fleste hadde innbilt seg. Her var hallar og bygningar for det meste, og eit areal på 720 000 kvm. |
||
|
||
Ein liten pause unna me oss på hotellet, før middagen stod for tur. Me tusla mot gågata Wang Fu Jing, den største handlegata i Beijing. Her fekk me oss middag på ein flott restaurant, før folk gjekk og shoppa litt. Til slutt gjekk folk og shoppa litt, i grupper, før dei fleste gjekk tilbake på hotellet. Tidleg opp i morgon, 7:15, så det vert nok ei tidleg natt. God natt! 晚安! |
||
![]() |
||
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Kos og klem frå Kristian, Ole-Petter og Maninder