Det blir studieturar til animasjonsfilmfestivalar i Norge og utanlandstur til Japan i 2021 og 2022.
Planen er at animasjonsklassa skal vere ca. to veker på studietur i Japan. Dette skjer oftast i vekene før påske. Vi skal vere godt forberedt og lære om japansk kultur, historie og samfunn før vi reiser. Vi får også eit lite språkkurs.
Noriko Sakamoto Hagen er vår japanske lærar og kontaktperson. Noriko bur i Ålesund og besøker klassa med jamne mellomrom i løpet av skuleåret. Ho har undervisning om Japan og japansk språk og kultur. Vi har svært gode erfaringar med samarbeidet med henne og ho skal vere med som guide på turen til Japan.
Japansk animasjon er mykje meir enn manga og animè. Vi skal besøke nokre animasjonskular og firma som produserer film. Og så får bli kjent med landet på nært hald. Dersom vi er heldige får vi også oppleve våren og den eventyrlege kirsebærblomstringa, «sakura». Dette er eit vårleg høgdepunkt i Japan.
Dette er typiske reisemål i Japan på dei siste turane vi har gjennomført:
Osaka
Kyoto
Tokyo
Akihabara
Sightseeing
Templer og slott
Besøke animasjons-skular
Kunst- og mangamuseum
Manga tegnekurs
Japansk mat
Shinkansen
Offentlig transport
Vaksine: Det er ikkje nødvendig med eigne vaksinar for å reise til Japan. Mer info og ein meir detaljert plan kjem etterkvart.
Viktig! Passet ditt må være gyldig til oktober 2022. Elevane reiser på eigen hånd til/frå Gardermoen. Denne delen av reisen er ikkje dekka av skolepengane. Elevane kan få noen dager fri før turen.
Linjelærar Animasjon med Japan. Utdannet ved kunstskole i Pärnu, Kunst Akademiet i Tallinn, animasjonsopplæring ved Estisk Tegnefilm Studio, animatør ved studio «Estisk Tegnefilm». Har skrevet og tegnet barnebok, og har oversatt norsk barnebok til estisk.