Friluftsliv X // Norge

Fjell, Fjord & Hav
Alt om linja

Linja «Friluftsliv X // Norge» byr på allsidig friluftsliv, surfing, havpadling og klatring rundt omkring på nydelige Nordvestlandet! Målet er å gjere dei beste opplevingane saman og på ein meir miljøvenleg måte!

Opplev friluftslivmekka på Nordvestlandet!

Vi bruker Sunnmøre som klasserom, der kjennskap til naturen, kjennskap til oss sjølv og kjennskap til kvarandre står i fokus.

Gjennom utfordringar vil du oppnå meistring gjennom friluftsliv, aktivitetar, opplevingar og refleksjon både som enkeltmenneske og som ein del av eit større fellesskap.

Opplev kva eige heimland har å tilby. Vi legg inn ekstra ressursar i å tilby grundig opplæring på fleire unike norske destinasjonar.

Vi reiser og vi reiser med meining. Kvifor er berekraft viktig?

Om du er opptatt av berekraft er Møre folkehøgskule rette staden for deg. Her er nokre grunnar:

  1. Fordjupning. Folkehøgskulane gir deg sjansen til å fordjupe deg i eit emne du er interessert i. Du kan enten velge linjer der hovedfokuset er berekraft og miljøspørsmål, eller du kan velje ei linje der berekraft blir ein naturleg del av alle aktivitetane du får vere med på gjennom året.
  2. Praktisk erfaring. Vi legg vekt på at du skal lære gjennom å utføre. Du deltek på ekskursjonar og frivillig arbeid både i og utanfor Norge. Då får du sjå at berekraft er viktig og at miljøarbeid nyttar!
  3. Felleskap. På Møre folkehøgskule vil du møte både elevar som liknar deg sjølv og elevar som du ikkje heilt kjenner deg igjen i. Felles for dei alle er vilja til å vere med i det fantastiske folkehøgskulemiljøet! Og du vil ganske så snart finne ut at også dei som verkar å vere ulike deg er rett så kjekke og likandes folk! Dette fellesskapet kan vere ein uvurderleg ressurs for å utveksle idear, inspirasjon og samarbeide om berekraftsinitiativer.
  4. Personleg vekst. Eit år på folkehøgskule handlar også om at du kjem til å vekse som person. Du kjem til å utvikle deg når det gjeld samarbeid, kritisk tenking og kommunikasjon. Dette er nyttige eigenskapar å ha når du skal påverke endring innanfor m.a. berekraft i åra som kjem.
  5. Inspirasjon for framtida. Eit år på Møre folkehøgskule kan hjelpe deg å definere dine verdiar og interesser. Kanskje ser du at kombinasjonen avberekrtaft og eit anna fag er nettopp det du vil både utdanne deg innan og arbeide med i åra som kjem?

Derfor, viss du meiner berekraft er viktig for deg kan eit år hos oss vere eit unikt og utviklande steg på vegen for å forstå, påverke og vere med og skape ei meir berekraftig framtid.

Gå linja heile året eller bli med oss i vårhalvåret. Lag ditt eige studieår med å kombinere denne med ei anna halvårslinje på hausten! Valet er ditt!

Haust

Dette kan du oppleve

  • Klassisk friluftsliv
  • Topptur på barmark
  • Klatring inne og ute
  • Hav- og fjordpadling
  • Surfing
  • Overnatting under open himmel
  • Singeldøgn/duodøgn ute

Reise

Lokale opplevingar som f.eks:

  • Sunnmørsalpane
  • Hjørundfjorden
  • Stadt
  • Havgapet ved Runde
  • Ålesund og området rundt
  • Atlanterhavsvegen og Hustadvika

 

Vår

Dette kan du oppleve

  • Klassisk friluftsliv
  • Topptur på barmark og ski
  • Klatring inne og ute
  • Skredlære og risikovurdering
  • Skiteknikk i og utanfor løype
  • Havpadling
  • Surfing
  • Overnatting under open himmel

Reise

Lokale og nasjonale opplevingar som f.eks:

  • Sunnmørsalpane
  • Hjørundfjorden
  • Stadt
  • Havgapet ved Runde
  • Ålesund og området rundt
  • Atlanterhavsvegen og Hustadvika
  • Bjorli, Nord-Norge, Lofoten

Kva koster linja?

Dett er ei linje som kan finansierast innanfor det du får i lån og stipend frå Statens lånekasse om då går heile skuleåret. Om du vel å gå eit halvår vil lån og stipend dekke omlag heile kostnaden., Dette blir ikkje klart før vi får dei endelege satsane for  studiestønad for neste år.

Det betyr ikkje at vi sparer på opplevingane, men at vi er meir bevisste på alle moglegheitene vi har i nærområdet til skulen framfor å reise med fly til andre sida av jordkloda.

Endeleg pris for skulåret vil avhenge om du går heilårslinje eller berre eitt av halvåra. Sjå vår linjevelgar for prisar.

Gå til linjevelgar
{{ slide.caption }}

Studietur i Noreg

Gjennom heile vinteren er det stort fokus på å finne pudder og perfekte fjellsider både i skianlegg urørte fjell!

Ressursane for studietur på linja nyttar  vi for å finne dei beste surfeforholda, dei beste snøforholda og dei finaste forholda for sti-sykling i Norge!

Passer linja for deg?

Likar du utfordringar og søker meistringsfølelse? Dette er ei allsidig linje for deg som er i normalt god form og er motivert. Lær deg eit breitt spekter av friluftsaktivitetar i den flottaste naturen i landet.

På denne linja har vi fokus på fjell og hav, skikøyring og surfing, overnatting i telt og varmen frå bål.

Vi tek utgangspunkt i kvar enkelt sine ferdigheiter og legg til rette slik at du blir utfordra ut frå ditt utgangspunkt.

Søk på linja

Utstyr til linja

Pakkeliste

Som elev på linja «Friluftsliv X, Norge» treng du ein del utstyr. Det er berre å ta kontakt om du lurer på noko når det gjeld utstyr. Mykje kan kjøpast billeg og brukt, og vi gir gjerne råd!

  • Turutstyr +
  • Kle til turbruk+
  • Treningstøy +
  • Sykkel og sykkelutstyr +
  • Skiutstyr +

Utstyr og fasiliteter på skulen

  • Kajakk
  • Skredutstyr
  • Surfbrett
  • Skateboard
  • Telt, lavvo og anna basis friluftsutstyr
  • Gymsal, godt utstyrt for ballspel mm
  • Vekt-/ treningsrom, godt utstyrt for både nybegynnarar og deg med erfaring frå treningssenter

Tilgang til klatrehall i Ørsta og i Volda

Tilgang til utandørs og innandørs skateparkar i Ørsta og Volda

Portrettbilde av Rune Ostreng

Har du spørsmål om linja?

Rune Østreng
Linjelærar Friluftsliv X
Bakgrunn fra Høgskulen i Volda med en Bachelor i idrett, samt fordypning innenfor friluftsliv. Har pedagogisk videreutdanning og tar nå en Master innenfor idrettsvitenskap. Jobbet 5 år innenfor helsetjenesten/barnevern. De store lidenskapene mine er innenfor Ski og Surf. Gleder meg masse til å ta dere med på alle opplevelsene.
Bakgrunn fra Høgskulen i Volda med en Bachelor i idrett, samt fordypning innenfor friluftsliv. Har pedagogisk videreutdanning og tar nå en Master innenfor idrettsvitenskap. Jobbet 5 år innenfor helsetjenesten/barnevern. De store lidenskapene mine er innenfor Ski og Surf. Gleder meg masse til å ta dere med på alle opplevelsene.