Ekstremsport Sunnmørsalpane: Aktivitetar haustsemester

Ekstremsport Sunnmørsalpane Bali-elever på topptur på Sunnmøre

Heilt frå første veka har vi fokus på å bygge eit godt klassemiljø. Vi treng å bli kjent og bli trygg på kvarandre. Vi er avhengige av at klassen er ein trygg læringsarena der ein kan tulle og fjase, samtidig som ein kan vere seriøs og konsentrert. Dette gjer vi gjennom aktivitetar som er mestringsgivande og kjekke.

Dette er noko av aktivitetane vi gjennomfører i haustsemesteret:

  • Firedagers sykkeltur med innlagt topptur til Slogen 1564 meter over havet
  • Innføring i bruk av sykkel i terrenget
  • Livredning og aktivitet i bassenget
  • Skating ute eller inne i skatehall
  • Innføring i bruk av havkajakker med kammeratredning
  • Fjellturar i Sunnmørsalpane
  • Høgpuls-aktivitet i gymsal og ute
  • Hyttetur i fjellet. Fokus på terreng og kart
  • Klatring. Vi brukar november/desember på å få opplæring i sikring og innføring i klatring.
  • Fridagar. De har to frihelger, haustferie og avspasering før og etter studietur.

Ved spørsmål om linja ta kontakt:

Jan Vidar Øyen

Linjelærar
Litt om meg:

Linjelærar Ekstremsport Sunnmørsalpane. Eg har vore i arbeid med fjellføring og turisme i 12 år og er no vikar for Tor-Erik Moen som har permisjon i skuleåret 2022-2023. Min faglege bakgrunn har eg i frå Høgskulen i Volda med ein Bachelor i Idrett og friluftsliv med ekstra tyngde mot opplevingsturisme. Eg er og Vegleiar Høgfjell NF, jökla II, Trener 2 i klatring og aktivitetsleder Hav. Sunnmørsalpane er min heim og leikeplass, og eg gleda meg til å invitere dykk inn!