Ekstremsport Sunnmørsalpane: Aktivitetar vårsemester

Når de er tilbake frå jul- og nyttårsferie er det ein ny sesong som står og ventar på oss. Då er det vinter og snø! Vi legg opp til eindel skikøyring, både i bakke og på topptur. De får også ein god innføring i dette.

Dette er nokre av aktivitetane vi gjennomfører i vårsemesteret:

  • Ski
    • Opplæring på ski og skiutstyr
    • Skileik med hopp og løyper
    • Alpint i alpinanlegg (blant anna på strandafjellet skisenter)
    • Frikøyring
    • Toppturar på fjella i Sunnmørsalpane
    • Snø og skredlære (de får eigen spade, søkestang og skredsøker til utlån)
    • Trygge vegval i vinterfjellet
  • Klatring
    • Vi går videre med klatringa. Alle elevane får brattkortkurs. Vi lære oss å klatre på led og har heile tida nye utfordringar på lur.
  • Elvekajakk
    • Opplæring i bruk av elvekajakkar i basseng
    • Innsikt i elvepadling og miljøet
    • Grunnkurs elvepadling ute.
  • Surfing
    • Vi reiser til Stadlandet og Hoddevika. Kåra til ein av verdas 10 beste surfeplassar.
  • Sykling
    • Når snøen smeltar i dalane tar vi fram at sykkelen og prøvar oss på tørre stiar og røtter.
  • Trening
    • For å kunne drive på med alt dette treng vi å vere i god form. Vi held oppe aktivitetsnivået gjennom heile året. Om vi er i gymsalen eller ute i skogen. Her kjem du i god form!
  • Vinteraktivitetsveke på Bjorli
    • Her er du aktivitetsleder for personar med forkjellige funksjonsnedsettingar. Langrenn, alpint, sitski, pulk, rafting på snø og zipline for å nevne noko. Samarbeid med høgskulen i Volda sine studentar på idrett.
  • Ekstremsportfestivalen X2
    • Her er folkehøgskulen ein viktig samarbeidspartner til festivalen. Vi er med å arrangerer ved å ha ulike oppdrag. Det kan vere på festivalområdet, i skibakken, i elva, i skogen, på basehoppinga eller anna. De får ein unik innblikk i dei forskjellige miljøa til desse ekstremsportutøvarane. Les meir her.

Jan Vidar Øyen

Linjelærar
Litt om meg:

Linjelærar Ekstremsport Sunnmørsalpane. Eg har vore i arbeid med fjellføring og turisme i 12 år og er no vikar for Tor-Erik Moen som har permisjon i skuleåret 2022-2023. Min faglege bakgrunn har eg i frå Høgskulen i Volda med ein Bachelor i Idrett og friluftsliv med ekstra tyngde mot opplevingsturisme. Eg er og Vegleiar Høgfjell NF, jökla II, Trener 2 i klatring og aktivitetsleder Hav. Sunnmørsalpane er min heim og leikeplass, og eg gleda meg til å invitere dykk inn!