Møre Folkehøgskule har mykje utstyr på huset til allsidig friluftsliv. Vi har telt, lavvo, stormkjøkken, primus, klatreutstyr, elvekajakker, havkajakker, naust, båt, fiskeutstyr, snøspadar, skredsøker (sender/mottaker) og søkestenger. I tillegg har vi gode fasilitetar og utstyr til ei aktiv fritid.
Som elev på linja Ekstremsport Sunnmørsalpane treng du noko utstyr. Det er berre å ta kontakt om du skulle lure på noko når det gjeld dette. Mykje kan kjøpast billeg og brukt, og vi gir gjerne råd:
Turutstyr:
Dagstursekk med festereimer til ski (30-45 liter)
Sovepose og liggeunderlag (tre sesongars)
Lakenpose (eller om du har ein lett sovepose)
Termos, turbestikk og turmatboks
Hovdelykt og kniv (av den enkle sorten)
Solbriller og solkrem
Kartet «Hjørundfjorden» (kan kjøpast i Ørsta)
Førstehjelpsutstyr (minimum tape, Paracet/Ibux, gnagsårplaster og plaster/bandasje)
Turbekledning:
Vann- og vindtette klede (til beskyttelse frå regn/snø og vind)
Terrengsko med god såle (for eksempel La Sportiva Ultra Raptor)
Ullundertøy og ullsokkar (minimum 2 sett)
Lue, hanskar og buff/hals
Treningstøy:
Treningstøy til gymsal og ute
Joggesko til gymsal og utandørs bruk
Sykkel og sykkelutstyr:
Sykkelen er ikkje berre eit transportmiddel, vi brukar den også på sti. Vel ein sykkel med dempegaffel foran. Den kan god vere brukt. Viktigaste er at den fungerer og passer til deg.
Sykkel
Sykkelpumpe og enkelt reparasjonsutstyr
Sykkelhjelm
Sjå til at sykkelutstyret er i orden før skulestart! Typisk bremser, dekk og gir.
Skiutstyr:
Du vel sjølv om du vil stå på ski eller snowboard. Fordi vi skal gå toppturar i tillegg til å stå i preparert bakke, vil du trenge følgande type utstyr:
Splitboard, feller og teleskopstavar
Toppturski, feller og teleskopstavar
Hjelm og skibriller
Ytterbekledning (same som til haust fungerer)
Skisokkar som går godt opp på leggen i ull
Skibag til å beskytte utstyret i, under transport
Forbruksutstyr til skipreparering (voks, smørning osv)
Keykard (som vi bruker i skianlegg)
Skiutstyr er krevjande å kjøpe, fordi det er dyrt og spesialisert utstyr. Vi anbefaler derfor å utsette dette innkjøpet til hausten, slik at lærar kan hjelpe deg med å finne riktig utstyr.
OBS! Møre Folkehøgskule meiner alvor med skredsikkeheit. Vi har derfor komplett skredutstyr til utlån for ekstremsportelevane, slik at de ikkje treng å kjøpe dette.
Ta med om du har:
Våtdrakt
Dykkermaske, snorkel og svømmeføtter
Vanntett pakkbag
Fotoapparat/videokamera
Instrument, slakkline, hengekøye, gullfisk +++++
NB: Vi gjer ei felles bestilling på våtdrakt i løpet av den fyrste veka på skulen for dei som treng det. Det kostar ca kr 3.000 kroner for ein våtdrakt.
Lærar historie, idrett og frlluftsliv, fordjupning i ski og tropisk friluftsliv. Utdanna arktisk naturguide (frå Svalbard) og særs glad i å vere ute i natur. 10 års arbeide med ferietilbud for barn og unge. Bodd over lengre tid i New Zealand, Svalbard, Dominikanske republikk og Grønland. Etter 10 år på Sunnmøre ser eg moglegheiter i alle årstider, då spesielt leik, surf, ski, klatring og sykling. Tilsett sidan 2012 og er no linjeleiar for Linjelærar Ekstremsport Sunnmørsalpane.