Både Norge og Nepal har variert og flott natur, og majestetiske fjell. Kontrastane mellom Norge og Nepal er store, og kontrastane inne i Nepal er store. På denne linja skal vi bruke tid på friluftsliv i Norge og oppleve dei enorme fjella på grensa til Tibet. Vi skal bruke god tid på å førebu reisa til Nepal og bli kjend både historie, sosiale og politiske forhold, kultur og religion.
Med solid bakgrunnskunnskap blir turen både lærerik og spennande. Møte med både fattigdom og ein rik gammal kultur vil bidra til å gje deg eit breiare perspektiv på livet og verda.
Dette er linja for deg som:
Har lyst å lære om eit mangfaldig friluftsliv både i Norge og i Nepal
Vil oppleve utsikten frå toppane på Sunnmøre
Vil oppleve majestetiske fjell i Nepal
Har lyst til å bli grundig kjent med eit nytt land
Vil lære om og bidra til eit humanitært prosjekt
Er interessert i å forstå ein annan kultur og eit anne levesett
Er nysgjerrig på å oppleve kontrastane mellom vest og aust
Innhald på linja:
Grunnleggande friluftsliv i Norge
Toppturar på barmark
Overnatting under open himmel
Skiturarar i vinterfjellet i Sunnmørsalpane
Yoga og pilates
Lære litt nepalesisk språk
Møte med nepalesarar frå lokalmiljøet på Sunnmøre
Grundig kunnskap om land, folk, kultur, religion og sosiale forhold
Tur til Nepal i januar/februar
Trekking i høgfjellet i Nepal over fleire dagar
Kunnskap om kultur, religion, historie og politikk i eit land svært ulike Norge
Prosjekt i samarbeid med «Himalpartner»
Møte med menneske som vil bidra til å sette spor i deg for alltid.
Studietur til Nepal:
I januar/februar, medan mørketida pregar Sunnmøre og vi ventar på snøen her heime, drar vi på tur til Nepal.
Vi drar til vakre Pukhara, Nepals nest største by i nærleiken av fjellmassivet Annapurna.
Innhaldet i turen kan bli slik:
Vi besøker både buddhistiske og hinduistiske tempel
Vi får oppleve Lumbini som er Buddha sin fødestad, der vi m.a. får møte munkar som har via sitt liv til Buddha
Det er gode muligheiter for både jungelsafari og rafting
Tur i fjella over fleire dagar
Vi besøker hovudstaden Katmandu, og besøker m.a. gamlebyen
Vi drar til vakre Pukhara, Nepals nest største by i nærleiken av fjellmassivet Annapurna
Reiser på besøk eksil-tibetanarar og lærer om deira spesielle historie
Vi besøker yoga-gjestehus og lærer meir om kva dette betyr for kvardagen til folk
Vi får møte kvardagen i eit bistandsprosjektet som vi har jobba med i Norge, eit senter som arbeider å hjelpe jenter som har vore utsett for menneskehandel og trafficking