PT // Bali

Personleg Trenar
Alt om linja

Linja PT // Bali – Personleg trenar er for deg som vil lære meir om trening for å bedre eiga helse og prestasjon eller for å kunne lære andre om trening og helse. I tillegg vil studieturen gå til Bali som vil gi deg opplevingar du vil minnast resten av livet. I tillegg skaper du venskap som vil vare langt utover studieåret!

Siluettar mot solnedgang av PT elevar som trenar på stranda

Trening, helse og natur

Vi startar på Sunnmøre, der kjennskap til naturen, kjennskap til oss sjølv og kvarandre førebur oss til studietur og opp mot fire veker på Bali. Erfaringane og opplevingane frå Bali tek du med deg tilbake til Norge for å fortsette å utforske og oppleve Sunnmøre, Sunnmørsalpane, fjordane og havgapet  resten av skuleåret. I tillegg er det fokus på hvordan trening og opplevingar kan betre helse og prestasjon

Du vil oppleve meistring gjennom aktivitetar, opplevingar og refleksjon både som enkeltmenneske og som ein del av eit større felleskap.

Etter endt skoleår kandu velje å ta ei eiga prøve for å bli sertifisert som personlig trener igjennom Europe Active & Europe Register of Exercise Professionals og dermed kan søke jobb som PT.

Valet er ditt

Gå linja heile året eller bli med oss hausthalvåret og kombiner med ei anna av våre halvårslinjer på våren! Valet er ditt! Her finn du informasjon om opplevingar og reiser på hausten og våren.

Haust

Dette kan du oppleve

  • Klassisk friluftsliv
  • Topptur til fots
  • Grunntrening som gir resultat
  • Overnatting under open himmel, i telt/ lavvo, hengekøye og på hytte

Reise

Sunnmørsalpane, Hjørundfjorden, Stadt, Indonesia- Bali, Hoddevika, Runde, Stryn/Loen

Vår

Dette kan du oppleve

  • Klassisk friluftsliv
  • Topptur på barmark og ski
  • Grunntrening som gir resultat
  • Overnatting under open himmel, i snøhole, i telt og på hytte

Reise (døme)

Sunnmørsalpane, Hjørundfjorden, Stadt, Stranda skisenter, Stryn/ Loen, Ålesund, Runde

Kva koster linja?

Endeleg pris for skulåret vil avhenge om du går heilårslinje eller berre eitt av halvåra. Sjå vår linjevelgar for prisar.

Gå til linjevelgar
{{ slide.caption }}

Studietur Bali (Indonesia)

Den lange studieturen (3-4 veker) går til Bali i Indonesia og vi besøker et profesjonelt treningsenter «Pronoia» som har fokus på Personleg Trening og livsstilsendringar.

I løpet av i turen gir vi ei hjelpande hand til dei som har lite og treng litt ekstra. Dette er frivillig arbeid for barn og unge i dei fattige delane av øya igjennom vårt samarbeid med organisasjonen «Bali Life». For mange er dette kanskje den største opplevinga på turen!

Passar linja for deg?

Likar du utfordringar og søker meistringsfølelse? Dette er ei allsidig linje for deg som er i normalt god form og er motivert. Lær deg eit breitt spekter av aktivitetar for å fremme helse og prestasjon i den flottaste naturen i landet og på Bali.

Vi tek utgangspunkt i kvar enkelt sine ferdigheiter og legg til rette slik at du blir utfordra ut frå dine forutsetningar.

Søk på linja

Utstyr til linja:

Pakkeliste

Som elev på linja «Linja PT // Bali – Personleg trenar» treng du noe utstyr. Det er berre å ta kontakt om du lurer på noko når det gjeld utstyr. Mykje kan kjøpast billeg og brukt, og vi gir gjerne råd!

  • Turutstyr +
  • Kle tilpassa tur/friluftsliv +
  • Treningstøy +
  • Ski eller snowboard til skisenter (Kan eventuelt leigast på skisenter)+

Utstyr og fasilitetar på skulen

  • Kajakk
  • Skredutstyr
  • Surfbrett
  • Skateboard
  • Telt, lavvo og anna basis friluftsutstyr
  • Gymsal, godt utstyrt for ballspel mm
  • Vekt-treningsrom, godt utstyrt for trening på alle nivå.
  • Tilgang til treningssenter og yoga senter.

Tilgang til klatrehall i Ørstahallen og i Volda

Tilgang til utandørs og innandørs skateparkar i Ørsta og Volda

Portrettbilde av Staxrud Martin

Har du spørsmål om linja?

Martin Staxrud
Inspektør
Utdanning frå Norges Idrettshøgskole i fagområda Kultur og Idrettsforvatning, Faglærer Idrett, Idrettspsykologi og avsluttende master i Coaching. Jobba 15 år som fagkonsulent på kraft/styrke-avdelingen for Olympiatoppen. 10 år som studieleiar for idrett for Gateway College og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Aktiv karriere som bokser og lidenskaplig hobby med surfing.
Utdanning frå Norges Idrettshøgskole i fagområda Kultur og Idrettsforvatning, Faglærer Idrett, Idrettspsykologi og avsluttende master i Coaching. Jobba 15 år som fagkonsulent på kraft/styrke-avdelingen for Olympiatoppen. 10 år som studieleiar for idrett for Gateway College og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Aktiv karriere som bokser og lidenskaplig hobby med surfing.